Kapittel 1: Årsmelding frå leiaren
Sist oppdatert: 9. oktober 2025.

For tillit og fornying av samfunnet
2024 har vore eit år der Brønnøysundregistera har møtt både utfordringar og moglegheiter med fastleik og innovasjon. I ei verd prega av usikkerheit, med inflasjon, rentehevingar, konfliktar i Midtausten, krig i Europa og ei halv verd som gjekk til val, har vi halde stø kurs. Eg er stolt av korleis vi har skapt nye moglegheiter for samfunn og næringsliv.
Rolla vår som tillitsaktør i samfunnet har aldri vore viktigare. Gjennom pålitelege register og digitale løysingar legg vi til rette for auka verdiskaping og tryggleik, orden og oversikt for både innbyggarane, frivilligheita og næringslivet. Dette arbeidet er avgjerande for å bygge eit berekraftig samfunn.
Gjennom året har vi stått overfor ei rekke utfordringar, men vi har også nådd viktige milepælar. Enkeltpersonsføretak i Einingsregisteret og Føretaksregisteret blei lansert på ny plattform, noko som har gitt raskare behandling og auka pålitelegheit. 54 prosent av enkeltpersonføretaka frå 11.11.24 og ut året blei saksbehandla heilautomatisk.
Målsettinga er 100 % digital registerforvaltning. I 2024 oppnådde vi 96,5 % digital innrapportering og 74,2 % automatisert saksbehandling. Vi behandla 3,2 millionar saker i løpet av året. Det har vore stor auke i oppslag mot digitale tenester. Auken var i 2024 på heile 2,5 milliardar oppslag. Dette er resultat i verdsklasse, som eg er svært stolt og imponert over.
Sentralt i digitaliseringsarbeidet vårt er prosjekta som skal fornye og automatisere registera våre, og forbetre innrapportering og levering av data. På grunn av fleire faktorar har det vore forseinkingar i framdrifta på desse prosjekta og i fornyinga av saksbehandlingsløysingane våre. Sintef har på oppdrag av NTNU Concept gjennomført ei evaluering av arbeidet som pågår. Her påpeiker Sintef at prosjektet vårt er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Dette gleder meg, for vi ser store moglegheiter, og vi har allereie tenester på plass i den nye plattforma, som er forventa å stå ferdig i 2028.
Tillit avheng av sikre, korrekte data og høg registerkvalitet. Når registera våre er korrekte og pålitelege, styrkar det samfunnet sin tillit til systema vi alle er avhengige av. Førebygging av økonomisk kriminalitet er eit viktig satsingsområde, men til tross for innsatsen har vi i 2024 sett ei auke i svindel- og bedragerisaker knytte til registersaker. For å motverke dette har vi gjennomført fleire tiltak for å heve kvaliteten i registera og forhindre økonomisk- og arbeidslivskriminalitet, blant anna gjennom systema våre. Eitt eksempel er at vi nå ikkje tillet korrigering av rekneskap for tidlegare rekneskapsår, noko som reduserer risikoen for misbruk. Eit anna viktig tiltak er Register for reelle rettshavarar, som blei innført i 2024. Førebygging krev ein heilskapleg innsats, og vi samarbeider derfor systematisk med andre etatar i Noreg og Europa for å styrke registerkvaliteten og førebygge kriminalitet. Vi har arbeidd over fleire år med å auke informasjonssikkerheita i drifta vår, og vi har oppnådd gode resultat. Vi har hatt ei stabil og påliteleg teknisk drift utan kritiske hendingar, og tilgjengelegheita i systema våre har vore på 99,98 %. Sikkerheitsarbeidet fortsett framover, for å møte ein meir kompleks og krevjande sikkerheitssituasjon i verda.
I 2024 fekk vi oppdraget å vere innsamlingsmyndigheit for berekraftsrapportering i Noreg. Vi skal ha ei minimumsløysing for denne rapporteringa klar i første kvartal av 2025. I første omgang gjeld løysinga for store føretak av allmenn interesse, men fleire selskap får etter kvart plikt til å levere inn berekraftsrapportering til Rekneskapsregisteret.
Vi har sjølv rapportert på klima- og naturmål og har fått resultat frå 2024. Sjølv om vi held til i eit energieffektivt bygg, ser vi at vi har ein veg å gå for å nå måla våre. Resultata frå målingane for 2024 er elles nyttige og til inspirasjon for det vidare arbeidet.
Innovasjon har vore ein raud tråd gjennom heile året. Vi har etablert eit eige team for kunstig intelligens (KI), som saman med resten av organisasjonen skal bidra til å forbetre både tenester og prosessar. Vi deltar aktivt i arbeidet med digitale lommebøker og samarbeider med andre nasjonalt, i Norden og i EU. Dette gir oss verdifull innsikt i infrastrukturen som vil bli pålagt av EU frå 2026, og vi gjer oss klare for å møte framtidige krav og moglegheiter.
Det er godt å sjå korleis den langsiktige satsinga vår på innovasjon ber frukt. I 2024 klatra vi til ein 4. plass på InnoMags kåring av Noregs mest innovative verksemder. Dette er ei anerkjenning eg er stolt av, som gir inspirasjon til å fortsette utviklingsarbeidet til beste for offentleg sektor, næringsliv og frivillig sektor.
Auka automatisering krev endringar i måten vi arbeider på. Det vil bli mindre manuell saksbehandling, samtidig som behovet for IT-kompetanse aukar. Vi jobbar for å sikre tilstrekkeleg kompetanse nå og framover, og i 2024 starta vi eit to-årig utdanningstilbod til tilsette, som vil få kompetanse til å ta meir IT-retta oppgåver på sikt.
Vi har stort sett nådd dei måla vi har sett oss for 2024. Prosjektet ny registerplattform, BRsys, har gjennom året hatt lågare framdrift enn målsettinga og det har derfor vore arbeidd med analysar og tiltak for å auke måloppnåinga. Prosjektet rapporterte i tredje tertial grønn status i samsvar med revidert styringsgrunnlag.
Eg vil takke alle tilsette for innsatsen i 2024. Å trygge drifta, sikre raske svar til brukarane, lansere nye prosjekt og tenester, eller å finne kreative løysingar på utfordringar, er uvurderleg for å levere godt på samfunnsoppdraget. Alle speler ei viktig rolle, og saman leverer vi resultat som verkeleg betyr noko.
Eg ser fram til 2025 med optimisme og er klar for å levere enda meir verdi til brukarane våre.
Brønnøysund, 15. mars 2025