Næringskodar
Sist oppdatert: 27. august 2025.
Næringskoden er ein femsifra kode som viser verksemda sin hovudaktivitet.
Eit eksempel på næringskode er «55.100 Drift av hotell».
Registrering av næringskode
Einingsregisteret registrerer næringskode når ei verksemd blir registrert for første gong.
Dei fleste verksemder skal berre ha éin næringskode og han skal vise verksemda sin hovudaktivitet. Nokre verksemder kan ha fleire næringskodar, for eksempel dei som har fleire undereiningar med ulike aktivitetar.
Nye verksemder som driv med investering/holding blir registrerte med næringskode 00.000 Uoppgitt. Dette er ein gyldig næringskode. Det kan ta 2-3 år før verksemda får ein meir presis kode.
Endring av næringskode
Du må oppdatere beskrivinga av aktiviteten dersom du meiner næringskoden du har er feil. Dette gjer du i skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Hugs å legge inn hovudaktiviteten først, sidan det er denne som bestemmer kva næringskode verksemda vil få.
Statistisk sentralbyrå
Næringskodane skal hovudsakleg dekke statistiske behov for Statistisk sentralbyrå (SSB), og blir fastsette etter Standard for næringsgruppering. Du kan lese meir om standarden og næringskodane på SSB sine nettsider.