|
Brønnøysundregistra er ein forvaltningsetat
med ansvar for ei rekkje nasjonale kontroll- og registreringsordningar
for næringslivet. Det overordna målet for verksemda
er å medverke til auka økonomisk tryggleik og
effektivitet, for næringslivet og i samfunnet generelt.
I arbeidet med å nå dette målet inngår
innsamling og kontroll av store mengder økonomisk relaterte
data.
For Brønnøysundregistra er det viktig at informasjonen
som finst i registra skal gjerast tilgjengeleg for brukarane,
når dei treng han og i den forma brukarane ønskjer
han. Derfor blir det ved Brønnøysundregistra
stadig utvikla og lagt til rette nye løysingar for
å lette publikum sin tilgang til informasjon frå
registra.
For eigne einingar kan utvalde produkter hentast gratis via altinn.no
|