Pressemelding 30.03.2011
Brønnøysundregistra har den siste tida fått fleire meldingar frå nyetablerarar som erfarer at dei blir lurte av telefonseljarar. Kundane våre opplever at seljarane anten gir inntrykk av å vere oss eller at dei er representantar for oss. – Dei som ringjer opptrer ikkje på vegner av Brønnøysundregistra. Vi erfarer at denne aktiviteten har auka i det siste. Dette uroar oss, seier avdelingsdirektør Ketil Ingebrigtsen. Dei som ringjer tilbyr blant anna å etablere og registrere eit utanlandsk føretak. Dette omfattar også å registrere føretaket i Noreg som eit norskregistrert utanlandsk føretak (NUF).
Brønnøysundregistra har vore i kontakt med fleire som opplever at telefonseljarar har prøvd å lure dei. Alle fortel same historia.
-Vi lét oss nesten lure
Dette seier fleire Brønnøysundregistra har vore i kontakt med. Felles for dei alle er at dei har registrert eit enkeltpersonføretak. Rett etter registreringa fekk alle telefon frå ein person som sa han ringde frå Brønnøysundregistra. Dei fekk tilbod om å «teikne medlemskap» hos Brønnøysundregistra for å få tilgang til ulike gode. For eksempel ein spesialavtale som skulle gjelde ved eventuell sjukemelding. -Dei som tok kontakt var profesjonelle, vi fekk tillit til dei, seier fleire som har ringt til oss og fortalt om det dei opplever som lureri. Etter at dei hadde snakka saman ei stund, fann alle god grunn til å stille spørsmål. Spørsmåla leda berre til nye, gode tilbod. Seljarane bad om fødselsnummer og kredittkortnummer. Når telefonseljarane ved nokre høve spurte etter foreldra sin augnefarge, blei dei fleste for alvor mistenksame. Dei vi har vore i kontakt med meiner det er viktig å fortelje om opplevingane sine, slik at andre ikkje går i denne fella.
Har du blitt lurt?
Ta kontakt med vår Opplysningstelefon på 75 00 75 00 for å få råd om kva du kan gjere.
Auka omfang
-Det ser ut til at desse aktørane følgjer med når nye einingar blir oppretta i registra våre, seier avdelingsdirektør Ketil Ingebrigtsen. Det er dei som har registrert enkeltpersonføretak som ser ut til å vere mest utsett for telefonseljarane. Aktiviteten har auka i omfang den siste tida. Dei som blir kontakta av desse seljarane blir bedne om å gi frå seg fødselsnummer og kredittkortnummer samstundes. I slike høve er det grunn til å vere ekstra varsam.
Ulemper med auka tilgang
Tjuveriforsøk av identitet og økonomisk lureri er eit aukande samfunnsproblem. Offentlege opplysningar er blitt lettare tilgjengelege gjennom elektroniske tenester. -Lettare tilgang til offentlege opplysningar gjer det enklare for andre å skaffe seg nødvendige opplysningar for å drive med økonomisk lureri. Eit godt råd er å vere kritisk til kven du utleverer personopplysningar til. Sjekk også korleis personopplysningane dine blir behandla og med kva formål dei er innhenta, seier sikkerheitsansvarleg Olav Melteig ved Brønnøysundregistra.
Brønnøysundregistra tilbyr gratis rettleiing for dei som skal starte eiga verksemd
Dersom du skal starte eiga verksemd og ønskjer gratis rettleiing kan du ta kontakt med Brønnøysundregistra sin seksjon i Narvik, Bedriftsveiledning.
Telefon: 800 33 840.
Til redaksjonen:
For meir informasjon, ta kontakt med avdelingsdirektør Ketil Ingebrigtsen ved Næringsavdelinga. Telefon: 75 00 77 45 eller 481 74 076
|