Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 07.12.2004

 Bokmål

Ein million seier nei til reklame

(07.12.2004) Over ein million personar har no reservert seg mot telefonsal og adressert reklame. Då Solbjørg Rognevær Vetås frå Radøy kommune reserverte seg, torsdag 2. desember, blei ho person nummer ein million i Reservasjonsregisteret i Brønnøysund.
- Å sleppe adressert reklame i posten er den viktigaste årsaka til at både eg og mannen min har valt å reservere oss. I tillegg får vi også ein del uønskte telefonar frå seljarar, seier Solbjørg Rognevær Vetås.

Av alle reserverte har 99,5 prosent reservert seg mot telefonsal. 88 prosent vil ikkje bli kontakta av humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar, mens 56 prosent ikkje ønskjer å motta adressert reklame i posten.

Berre private

- Reservasjonsregisteret blei oppretta 1. januar 2001. Føremålet var at privatpersonar skulle kunne reservere seg mot telefonsal og adressert reklame i posten. Få trudde vel då at databasen allereie før fireårsdagen skulle romme ein million reserverte. Tilstrøyminga til registeret har akselerert. Det ser vi fordi talet på reserverte er dobla det siste året, seier underdirektør Bjørn Edvardsen ved Brønnøysundregistra si opplysningsavdeling.

Vil ha privatliv

Det er spesielt pågangen frå telefonseljarar som har fått folk til å reservere seg i hopetal. Gjennomgangsmelodien er at vi vil ha litt privatliv når vi kjem heim etter ein stressande arbeidsdag. Det er viktig å merkje seg at det ikkje er mogeleg å reservere telefonnummer eller adresse, men berre enkeltpersonar ved hjelp av fødselsnummer. For eit hushald beståande av fleire personar betyr det at alle hushaldsmedlemene må registrere seg for at ein skal unngå adressert reklame og telefonseljarar.

Evig reservasjon

Dei fleste reserverer seg via nettet, på telefon eller via Brønnøysundregistrenes automatiske telefonteneste, og reservasjonen er gratis. Når du skal reservere deg, må du gje opp fødselsnummeret ditt (11 siffer). Fødselsnummeret blir berre brukt til identifikasjon. Er du fyrst registrert, gjeld reservasjonen heilt til du sjølv gir melding om noko anna.

Plikt til oppdatering

Alle som driv direkte marknadsføring pliktar å oppdatere adresselistene sine mot Reservasjonsregisteret seinast tre månader før listene blir brukte. Dersom du får reklame du meiner er i strid med reservasjonen din, må du fyrst klage til verksemda. Hjelper ikkje det, kan du vende deg til Datatilsynet for å få hjelp.


BILETE:
Underdirektør Bjørn Edvardsen ved Brønnøysundregistra si opplysningsavdeling har vore vitne til ein eksplosjon i tilstrøyming til det knapt fire år gamle Reservasjonsregisteret.

Til redaksjonen:
Biletet er lagt ut på Internett:

www.brreg.no/bilder/presse/2004/12/bjoern_edvardsen

Kommentarar til pressemeldinga blir gitte av underdirektør Bjørn Edvardsen, tlf. 75 00 78 65.

Reservasjon mot adressert reklame:
Internett: www.brreg.no/oppslag/reservarsjon
Datafonen: 75 00 75 03
Telefon: 75 00 75 00

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673