Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Frivilligregisteret opnar for registrering

Bokmål

(02.12.2008) Tirsdag 2. desember gikk startskotet for registrering i Frivilligregisteret. Gjennom Altinn kan lag og foreiningar no sende elektronisk registrering.

Frivilligregisteret opnar for innmelding 2. desember, men det er viktig å merke seg at saksbehandling av meldingane startar 5. januar 2009. Sakene vil bli behandla i den rekkjefølgja dei blir sende inn. Lag og foreiningar blir oppmoda om å sende registrering elektronisk gjennom Altinn, då saksbehandling av desse meldingane vil gå raskare.

Registrering i Frivilligregisteret er eit vilkår for å vere med i Grasrotandelen. Grasrotandelordninga inneber at alle som speler på ein av Norsk Tipping sine spel kan velje at inntil fem prosent av den innsatsen dei legg inn skal gå til ein bestemt frivillig organisasjon.

På grunn av Grasrotandelen er driftsetjinga av ei løysing for innmelding framskunda i forhold til tidlegare plan. Resterande delar av det som skal bli den endeleg totale løysinga for Frivilligregisteret blir sett i drift først 5. januar 2009. Dette er hovudårsaka til at saksbehandlinga ikkje startar før over nyttår. Av same grunn vil ein også oppleve at informasjonen om Frivilligregisteret og frivillige organisasjonar på www.brreg.no vil få ei vesentleg nivåheving i januar. Blant anna vil vi i januar gjere tilgjengeleg ei løysing der ein enkelt kan søkje etter organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret.

Vidare gjer vi særleg merksam på at estimerte saksbehandlingstider for Frivilligregisteret vil bli publiserte første gong i januar. Vi understrekar at ein må rekne med at det kan bli lang saksbehandlingstid første kvartal 2009. Kor lang vil avhenge av kor mange meldingar som kjem inn. Den einskilde organisasjonen vil få tilsend tilbakemelding om registreringa når meldinga er behandla.

Men allereie no kan ein altså fylle ut og sende inn elektronisk melding for registrering i Frivilligregisteret.

For nærmare informasjon, sjå www.brreg.no/frivillighet.

















Nyhetsarkiv

Foretaksregisteret innskjerper krav til enkelte vedlegg

No kan du melde fleire endringar elektronisk

Alvorlig feil i Altinn

Suksess for informasjonsportal

Innsending av årsregnskap - ikke oppdatert skjema i år

Avgjørelse om nybygg før sommeren

Samvirkelag og andelslag må tilpasse seg loven


Minstekravet til aksjekapital i AS blir sett ned til 30 000 kroner

Framtids- og jobbmuligheter i Brønnøy

Fråval av revisjon

Styringsgruppen anbefaler nybygg

Frister - melding til Foretaksregisteret

Engelske blankettar frå Brønnøysundregistra

Kurs om Boside - konkurs

Høringsinnspill om nybygg

Høring - nytt bygg for Brønnøysundregistrene

Vil du effektivisere skjema-arbeidet?

Sommeråpent ved Brønnøysundregistrene

Gode elektroniske tilbud gjør papirblanketter overflødige

Ny tjeneste fra Brønnøysundregistrene i Altinn

Europeiske foretak - ny og forbedret tjeneste

Årsmelding 2010 - Tema samfunnsansvar

Enklere å signere elektronisk

Alle kan sjekke skatten

Altinn åpen for alle, men ikke friskmeldt

Altinn ser ut til å stabilisere seg

Altinn er delvis utilgjengelig

300 000 har nå sjekket selvangivelsen

70 prosent kan nå sjekke skatten

Altinn åpnes gradvis

Gratis informasjon til offentlige etater

Spar tid, penger og miljø - elektronisk registrering

Kunngjøring av fisjon - to endringer

Reservasjonsregisteret 10 år - 1,9 mill. har registrert seg

Vårens kurstilbud 2011

Flere saker

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673