Vi har gjort opplysningar om kapital lettare tilgjengeleg
Publisert: 5. desember 2025
Vi har utvida tenesta vår for verksemdsopplysningar med kapitalopplysningar. I tillegg kan du enklare laste ned firmaattest.
Tidlegare måtte du gå inn i nettbutikken vår å bestille ein firmaattest for å få tilgang til kapitalopplysningar om ei verksemd. Nå får du det enkelt i tenesta for verksemdsopplysningar.
– Vi arbeider heile tida for å gjere meir informasjon lettare og betre tilgjengeleg. Informasjon om kapital er etterspurd, og det at vi tilbyr dette ope på nettsidene våre, vil ha stor nytte for mange, seier forretningstenesteeigar Aina Viola Melstein.
Moglegheit til å laste ned firmaattest og andre opplysningar
I tenesta for verksemdsopplysningar kan du søke opp verksemder via namn eller organisasjonsnummer. Tenesta hentar data frå fleire av registera våre. Du kan blant anna sjå årsrekneskap, styre, næringskodar og rettsstiftelsar.
– Du kan enkelt laste ned informasjon om verksemda, enten som firmaattest eller sjølv velje ut den informasjonen du vil ha med. Firmaattesten og andre nedlastingar frå oppslagstenestene våre er digitalt signerte. Dette sikrar integriteten til opplysningane og vil i dei fleste tilfella også erstatte notarialstadfesta firmaattest som i dag må bestillast i nettbutikken. Alle slike nedlastingar frå oppslagstenestene våre er gratis, seier prosjektleiar Jon Anders Rygh.
Ein firmaattest er eit offisielt dokument som viser og stadfestar den juridiske statusen og grunnleggande informasjonen om ei verksemd som er registrert i Føretaksregisteret.
Også tilgjengeleg som API
I verksemds-API-et vårt har vi samla informasjon frå fleire av registera våre. I dette API-et vil du nå også få tilgang til opplysningar om kapital. API-et er ope tilgjengeleg, og du finn det her: Data om verksemder – Brønnøysundregistera.