Registrering i Føretaksregisteret innan utgangen av 2022
Publisert: 8. september 2022 - oppdatert: 8. september 2022
Hugs å vere ute i god tid.
Føretaksregisteret må ha fått melding om avgjerd om fusjon, fisjon, kapitalnedsetting eller avvikling innan 10. oktober.
Om du sender inn melding om gjennomføring av desse endringane til Føretaksregisteret etter 5. desember, kan det vere vanskeleg å få desse registrerte innan utgangen av året.
Vi har maskinell saksbehandling av enkelte gjennomføringsmeldingar. Sjå kva gjennomføringsmeldingar som blir behandla maskinelt.
Papirskjema
Om du må sende oss melding på papir, bør vi ha fått avgjerd om fusjon, fisjon, kapitalnedsetting eller avvikling innan 1. oktober.
Gjennomføringsmeldingar på papirskjema som kjem inn til Føretaksregisteret etter 30. november, kan vere vanskelege å få registrerte innan utgangen av 2022.
Vil du ha nyheter fra oss rett i innboksen? Meld deg på vårt nyhetsbrev.