Stifte og registrere bustadbyggelag
Sist oppdatert: 3. januar 2026.
Her kan du registrere bustadbyggelag, og du kan sjå kva krav som gjeld ved stiftelse og registrering.
Eit bustadbyggelag skal registrerast i Føretaksregisteret. Fristen er tre månader frå stiftelsesdokumentet er signert av stiftarane.
Saka blir tatt til behandling av ein saksbehandlar innan ti arbeidsdagar. Du kan sjå datoen vi har komme til i saksbehandlingskøen vår på sida Når blir saka mi behandla.
For å stifte eit bustadbyggelag må stiftarane oppretta eit stiftelsesdokument
Stiftarane er dei som skal teikne delane i laget. Det må vere minst tjue deleigarar når bustadbyggelaget blir stifta, og delane skal teiknast i stiftelsesdokumentet. Fysiske personar kan berre eige ein del kvar, mens juridiske personar, som for eksempel eit aksjeselskap, kan eige fleire delar.
Delane skal vere på minst kr 300, men ikkje større enn kr 5 000 og andelskapitalen ved stiftelse skal minst vere kr 100 000. De kan fastsette i vedtektene at delane skal ha ulikt pålydande.
Registrere bustadbyggelaget
Når du skal registrere eit bustadbyggelag må du legge ved
- stiftelsesdokument
- vedtekter
- opningsbalanse
- stadfesting frå revisor om at opningsbalansen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine føresegner
- original erklæring frå revisor som stadfester innbetalingsforholdet
- revisor si originale viljeserklæring, dersom revisor ikkje har signert i skjemaet
- rekneskapsførar si originale viljeserklæring, dersom dette er meldt og rekneskapsføraren ikkje har signert i skjemaet
Styremedlemmene og varamedlemmer må stadfeste i Samordna registermelding at dei tar på seg vervet.
Stiftelsesdokumentet skal minst innehalde
- bustadbyggelaget sitt namn
- vedtekter
- namn og fødselsnummer eller organisasjonsnummer for alle stiftarane
- adresse for alle stiftarane
- opplysning om kven som er vald til styre og revisor
- oversikt over kven som eig delane
Når stiftelsesdokumentet er signert av alle stiftarane, er delane teikna og laget stifta.
Vedtektene skal minst innehalde opplysning om
- namn på bustadbyggelaget, som skal innehalde ordet bustadbyggelag eller forkortinga BBL
- kommune der bustadbyggelaget skal ha forretningskontoret sitt
- kva for ei verksemd laget skal drive i tillegg til hovudverksemda
- pålydande verdi på delane
- lågaste og høgaste tal på styremedlemmer
- at den ordinære generalforsamlinga skal behandle
- godkjenning av årsrekneskapen og årsmeldinga
- andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer under generalforsamlinga