Ta skyteprøven
Du må ta skyteprøven for alle våpen du skal bruke til storviltjakt.
Når skyteprøven er bestått, må du registrere dette i appen:
- Vel skyteprøve, trykk ny registrering og vel skyteprøve
- Vel våpenet du har skote med og gå vidare til kontroll
- Du får nå ein QR-kode i appen, vis den fram til ein kontrollør som sjekkar at våpenopplysningane stemmer med våpenet du har brukt.
- Etter at kontrolløren har scanna QR-koden, trykker du gå vidare.
- Les så av kontrolløren sin QR-kode med appen din. Dette er kvitteringa di for bestått skyteprøve med aktuelt våpen.
- Vitnemål på gjennomført skyteprøve blir overført frå appen din til Mi jegerside når du har dekning på mobilen.