Gjennomfør prøveskot
Når du har skote prøveskot, registrerer du talet på skot i appen.
Slik får du prøveskota dine godkjent
- Vel skyteprøve, trykk ny registrering og vel obligatoriske skot i appen
- Legg inn talet på skot og gå vidare til kontroll
- Du får nå ein QR-kode i appen som du viser til ein kontrollør. Ettar at kontrolløren har scanna QR-koden, trykker du gå vidare.
- Les deretter av kontrolløren sin QR-kode med appen din. Dette er kvitteringa di på gjennomførte prøveskot.
- Dokumentasjonen blir overført frå appen din til Mi jegerside, når du har dekning på mobilen.
- Når 30 prøveskot er registrert i appen, kan du ta skyteprøven.
Kor mange prøveskot kan eg registrere?
For å ta skyteprøven må du gjennomføre minst 30 prøveskot over minimum 2 dagar. Du får godkjent inntil 15 skot til skyteprøven kvar dag. Det er mogleg å registrere fleire enn 15 skot i appen kvar dag, sidan enkelte jaktrettshavarar krev meir enn 30 obligatoriske skot totalt før jakt.
Har du deltatt i terminfesta konkurranse i år?
Da gjeld skota som obligatoriske skot i skyteprøve for storvilt. Konkurranseskota dine blir automatisk lagt til i appen.