Last ned appen
Du må laste ned appen Min jegerdokumentasjon før du tar skyteprøven.
Du finn appen i Google Play butikk eller App store.
Første gong loggar du inn i appen med ID-porten og du treng difor dekning på mobilen.
Lag ein personleg kode i appen.
Du blir bedd om å lage ein firesifra kode, slik at du kan bruke appen utan mobildekning seinare. Hugs koden din når du drar på jakt.
I appen vil du sjå om du har betalt jegeravgift og finne våpna du har lagt inn på Mi jegerside.
Den nye appen samlar jegeravgiftskort og vitnemål for storviltprøve på ein stad.