Registrere tingsrettsleg sameige
Sist oppdatert: 2. juni 2026.
Her finn du det du treng for å registrere tingsrettslig sameige.
Eit tingsrettsleg sameige blir ikkje stifta, men oppstår når to eller fleire eig noko saman.
Når du skal registrere eit tingsrettsleg sameie, må du legge ved
- dokumentasjon som viser at det finst eit sameige (dette kan vere ein kopi av eit skøyte, ein avtale eller eit testamente)
Dokumentasjonen skal innehalde informasjon om kva som er sameigetingen, kven som er sameigarar, sameigebrøken og kva ansvar sameigarane har.
Sjå eksempel på innhald i sameigeavtale (pdf)
Om sameiget skal ha styre, må du også legge ved
- vedtekter, eller avtale, som viser at sameiget skal ha eit styre, korleis dette skal veljast og kva myndigheit det skal ha
Kan du ikkje bruke digitalt skjema?
Du kan laste ned skjemaet (PDF), fylle det ut og sende det i posten. Det kan ta vesentleg lengre tid å behandle saker som blir sende i posten.