Endre opplysningar for eit tingsrettsleg sameige
Sist oppdatert: 2. juni 2026.
Dersom du ønsker å gjere endringer på informasjonen som er registrert på eit tingsrettsleg sameige, må du sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn. Du kan velje om du vil endre forretningsadresse eller postadresse.
Ønsker du at sameiget berre skal vere registrert med ei postadresse hos oss, må du hugse å fjerne gammal forretningsadresse i skjemaet.
Vil du bruke adressa til ein av sameigarane som sameiget si adresse, må du bruke c/o. adresse. Sjå eksempelet under:
Sameiet Sommerro
c/o Kari Nordmann
Utsikten 54
8908 Brønnøysund
Når sameiget har fått ny dagleg leiar eller forretningsførar, skal du sende inn dei nye opplysningane i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Kontaktperson skal berre registrerast når ingen andre fysiske roller finst i verksemda.
Spesielt for dagleg leiar:
Dagleg leiar må stadfeste at hen tar på seg vervet ved å signere i skjemaet.
Det er ingen krav til vedlegg, du dokumenterer val/tilsetting ved å erklære i skjemaet at:
- dagleg leiar er gyldig vald/tilsett av sameigarmøtet
- det finst ein protokoll som viser valet/tilsettinga av dagleg leiar
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Når sameiget har valt nytt styre, skal du sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn..
Hugs å ha etternamn og fødselsnummer på styremedlemmene og varamedlemmene tilgjengeleg før du startar.
Hugs å melde samtlege styremedlemmer og varamedlemmer i skjemaet.
Det er ikkje krav om vedlegg, du dokumenterer styrevalet ved å erklære i skjema at:
- styret er gyldig valt av sameigarmøtet eller årsmøtet
- det finst ein protokoll som viser siste valte styre og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt, både under utfyllinga av skjemaet og på eit seinare tidspunkt.
Nyvalde styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet ved å signere i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Når sameiget endrar signatur, skal du melde dette i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Signaturrett blir tildelt ved
- samstemmig avtale mellom sameigarane
eller
- vedtekter som er samstemmig vedtekne
Det må gå tydeleg fram av dokumentasjonen at signatur er tildelt, og om den er gitt i fellesskap eller kvar for seg.
Det er ingen krav om vedlegg, du dokumenterer signaturretten ved å erklære i skjemaet at:
- signaturrett er gyldig vedtatt av sameiget sitt årsmøte eller sameigarmøtet
- det finst ein protokoll som viser siste vedtatte signaturrett og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Alle rolleinnehavarar kan melde i frå om at dei har trekt seg frå verva sine. Når du melder dette, gir du avkall på alle rettar og pliktar som rolla di har. Du gjer dette i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn. Når det er registrert at du har trekt deg, vil du og sameiget bli varsla om dette.
Kan du ikkje bruke digitalt skjema?
Du kan laste ned skjemaet (PDF), fylle det ut og sende det i posten. Det kan ta vesentleg lengre tid å behandle saker som blir sende i posten.