Stifte og registrere burettslag
Sist oppdatert: 3. januar 2026.
Her kan du registrere burettslag, og du kan sjå kva krav som gjeld ved stiftelse og registrering.
Eit burettslag skal registrerast i Føretaksregisteret. Fristen er tre månader frå stiftelsesdokumentet er underskriven av stiftarane.
Saka blir tatt til behandling av ein saksbehandlar innan ti arbeidsdagar. Du kan sjå datoen vi har komme til i saksbehandlingskøen vår på sida Når blir saka mi behandla.
For å stifte eit burettslag må stiftarane oppretta eit stiftelsesdokument
Stiftarane er dei som skal teikne delane i laget. Bustadbyggelag eller ein annan utbyggar kan stifte burettslaget åleine, om dei teiknar minst to delar. Dei andre stiftarane må vere minst to fysiske personar, og som hovudregel kan kvar av dei berre eige ein del kvar. Teikning skal skje i stiftelsesdokumentet. Delane skal vere like stor og minst kr 5.000,-, men ikkje større enn kr 20.000,-.
Registrere burettslaget
Når du skal registrere eit burettslag må du legge ved
- stiftelsesdokument
- vedtekter
- bygge- og finansieringsplan
- opningsbalanse
- stadfesting frå revisor om at opningsbalansen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine føresegn
- original erklæring frå revisor som stadfester innbetalingsforholdet
- revisor si originale viljeserklæring, dersom revisor ikkje har signert i skjemaet
- rekneskapsførar si originale viljeserklæring, dersom dette er meld og rekneskapsføraren ikkje har signert i skjemaet
Styremedlemmene og varamedlemmene må stadfeste i Samordna registermelding at dei tar på seg vervet.
Stiftelsesdokumentet skal minst innehalde
- burettslaget sitt namn
- vedtekter
- namn og fødselsnummer eller organisasjonsnummer for alle stiftarane
- adresse for alle stiftarane
- oversikt over kven som eig delane
- tidspunkt for innbetaling av delane
- opplysning om kven som er vald til styre og revisor
Stiftelsesdokumentet skal vere signert av stiftarane.
Vedtektene skal minst innehalde opplysning om
- namn på burettslaget, som skal innehalde ordet burettslag eller forkortinga BRL
- kommune der burettslaget skal ha forretningskontoret sitt
- pålydande verdi på delane
- lågaste og høgaste tal på styremedlemmer
- at den ordinære generalforsamlinga skal behandle
- godkjenning av årsrekneskapen og årsmeldinga
- andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer under generalforsamlinga
I tillegg må det gå fram av vedtektene om burettslaget ikkje skal ha forretningsførar.
Bygge- og finanseringsplanen skal innehalde
- teikningar
- beskriving av laget sitt bygg med leilegheiter
- kostnadsoverslag
- finansieringsplan
- driftsbudsjett
Planen skal vise kva leilegheit som er knytta til kvar andel, og fordelinga av felleskostnadane.