Kan alle få eit organisasjonsnummer?

Sist oppdatert: 6. september 2017 .

Alle lag og foreiningar som blir registrert hos oss får eit organisasjonsnummer. Det er plikt om registrering i Einingsregisteret for alle som har tilsette, alle som skal betale meirverdiavgift og alle som blir registrert i Føretaksregisteret eller Stiftelsesregisteret.

Mange foreiningar har ikkje plikt til å bli registrert

Dei kan likevel registrere seg frivillig i Einingsregisteret. Mange vel å gjere dette fordi bankar ofte krev eit organisasjonsnummer for å opprette bankkonto.

Når du skal registrere eit lag eller ei foreining, må du sende inn Samordna registermelding.

Registrering i Einingsregisteret er gratis.

 

FAU/Foreldreutval

FAU er eit utøvande organ for foreldrerådet ved ein skole, og er derfor i utgangspunktet ikkje ei sjølvstendig foreining.

FAU har rett til å registrere seg som ei foreining i Einingsregisteret dersom

  • de formelt stiftar ei foreining
  • ikkje andre forhold bryt med foreiningsprinsippa

Det må gå klart fram av stiftelsesdokumentet at det er stifta ei foreining.

Du må legge ved

  • stiftelsesdokument og vedtekter som viser at de er organiserte som ei foreining.

 

Russebuss

Om de eig eller disponerer russebuss eller russebil saman, kan de registrere han som eit sameige.

Før bussen eller bilen kan bli registrert, må dei av dykk som eig eller disponerer bussen bli  einige om korleis de vil organisere aktiviteten av bussen.

Kva for ei organisasjonsform bør de velje?

Dei fleste russebussar og russebilar er eigd eller leigd av fleire saman. Dersom du og nokon andre har kjøpt buss eller bil i lag, har de eit tingsrettsleg sameige. Kravet til tingsrettsleg sameige er at det er to eller fleire eigarar, og at eigarforholdet kan bli sett opp i prosent eller brøk. Har de gått saman om å leige bilen eller bussen, kan dette også vere eit sameige, fordi de er saman om å bruke den.

Kva inneber det å vere eit sameige?

Å vere ein del av eit sameige inneber enkelte plikter. Sameiget er ikkje ansvarleg for utgiftene sine, men de som bruker eller eig er personleg ansvarleg for alle utgifter. Det vanlege er at de deler på utgiftene, ut frå kor stor del kvar enkelt eig eller bruker. Tener de pengar på bussen, til dømes når de sel han, kan desse betalast ut til dykk som sameigarar.

Korleis kan de registrere sameiget?

De kan registrere sameiget ved å fylle ut og sende inn Samordna registermelding. De må legge ved dokumentasjon på at de er eit sameige. Dette kan vere ein sameigeavtale kor det står kva de bruker eller eig saman, namnet på sameigarane, sameigarbrøk og ansvarsforholdet. Skal de ha eit styre, må avtalen også vise kva reglar som gjeld for val av styre og kva myndigheit styret har. Alle eigarane, eller dei som skal bruke bussen eller bilen, må skrive under avtalen.

Foreining

Vel de i staden den organisasjonsforma som heiter foreining, er det viktig å vere klar over at det ikkje er russebussen eller russebilen som blir registrert, men drifta av han. Organisasjonsforma passar derfor svært sjeldan for russebussar og russebilar. Vi tilrår derfor sameige.