Samordna registermelding i Altinn

Sist oppdatert: 28. februar 2017.

Samordna registermelding bruker du når du skal sende inn meldingar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret og Frivilligregisteret.

Om du for eksempel skal registrere eit nytt aksjeselskap, ei foreining eller eit enkeltpersonføretak, er det denne tenesta du skal bruke. Det same gjeld når du skal melde endringar av adresse, styremedlemer, namn eller telefonnummer for ei eining eller eit føretak som allereie er registrert.

Tenesta er heilelektronisk. Det betyr at vedlegg som skal følge meldinga må lastast opp elektronisk, og at alle som skal signere må gjere det i Altinn.

Det er mange fordelar ved å bruke Altinn

  • Det er nok at ein person signerer elektroniske meldingar.
  • Vedtaket er tilgjengeleg i Altinn to timar etter at meldinga er ferdigbehandla.
  • Enkle endringar blir registrerte maskinelt etter kvart som vi mottar dei.
  • For dei fleste meldingar i Føretaksregisteret er det lågare gebyr.

Ofte stilte spørsmål

Korleis legg eg inn personar i roller (dagleg leiar, styre osv.)?

Skriv inn fødselsnummer (11 siffer) og etternamn. Vel deretter rolle og trykk på «Legg til».

Det er viktig at du skriv etternamnet nøyaktig slik det er registrert i Det sentrale folkeregisteret. For personar med fleire etternamn (for eksempel Berg Hansen), skal du berre legge inn det siste. Om etternamnet er samansett med bindestrek (for eksempel Berg-Hansen), må du legge inn begge namna.

Korleis signerer eg melding og vedlegg?

Er du ein av dei som skal signere meldinga eller eit vedlegg, finn du ei signeringsoppgåve under arkfana «Til min behandling» i Altinn. Klikk på lenka for å opne signeringsoppgåva.

Du finn alle dokumenta som høyrer til meldinga i signeringsoppgåva. Du signerer meldinga eller vedlegget ved å velje «Signer og send inn». Når du har signert, får du kvittering for signeringa di. Alle signeringsoppgåver du har signert finn du lagra i meldingsboksen under «Arkivert».

Meldinga sender du til Brønnøysundregistera når alle har signert.

Kva slag filer (vedlegg) kan eg laste opp?

Løysinga handterer dei aller fleste og mest brukte formata for tekstbehandling, rekneeark og grafikk. For at løysinga skal kunne handtere vedlegg i PDF-format (Portable Document Format), må du lagre  dokumentet  utan avgrensingar/sikkerheitsinnstillingar. Kontroller dokumenteigenskapane og pass på at dokumentet ikkje er beskytta.

Det er viktig å merke seg at storleiken på filene du lastar opp, ikkje må vere større enn 10 MB. Har du fleire filer/vedlegg, må den totale storleiken for heile meldinga ikkje overstige 20 MB.

 

Korleis signerer eg melding og vedlegg?

Er du ein av dei som skal signere meldinga eller eit vedlegg, finn du ei signeringsoppgåve under arkfanen «Til min behandling» i Altinn. Klikk på lenka for å opne signeringsoppgåva.

Du finn alle dokumenta til meldinga  i signeringsoppgåva. Du signerer meldinga eller vedlegget med å velje «Signer og send inn». Når du har signert, får du kvittering for dette. Alle signeringsoppgåvene du har signert fin du lagra i meldingsboksen under «Arkivert».

Meldinga sender du til Brønnøysundregistera når alle har signert.

Korleis ettersender eg vedlegg?

Det kan være tilfelle der du får krav om å ettersende meir dokumentasjon når meldinga er under saksbehandling

Du får då ei melding i meldingsboksen i Altinn med informasjon om kva som manglar. I denne meldinga ligg det ei lenke til den opphavlege innsendinga, slik at du kan laste opp og ettersende nye vedlegg.

Når du har trykt på lenka «Ettersend dokumentasjon», kjem du til statussida for meldinga. Trykk på knappen «Legg til vedlegg», og sida for opplasting av nye vedlegg blir opna. Etter at du har lasta opp nye vedlegg, trykker du på knappen «Gå vidare til innsending».

Om nye vedlegg ikkje skal signerast elektronisk, kjem du direkte til sida for å sende inn det nye vedlegget. Her trykker du på knappen «Send inn nye vedlegg». Har du lasta opp vedlegg som skal signerast, sender du nye vedlegg til signering. Vedlegga vil bli sende Brønnøysundregistera når dei er signerte i Altinn.

Korleis sjekkar eg status på meldinga?

Berre den som har fylt ut meldinga kan sjekke status på meldinga.

Logg inn i Altinn. Du finner meldinga som er mottatt i samband med innsending og behandling av Samordna registermelding under arkfanen «Til min behandling» i «Min meldingsboks» i Altinn. Etter at meldinga er sendt til signering, vil skjemalenka føre deg til ei side som viser status for signering og behandling av meldinga.

Korleis gi retten til å signere elektroniske meldingar til andre personar?

Retten til å signere kan tildelast av dagleg leiar, styreleiar eller innehavar

Frå sida «Hva ønsker du å gjøre?» kan du gi retten til å signere elektroniske meldingar til andre personar som for eksempel tilsette, rekneskapsførar, revisor. Når ein person har fått tildelt denne retten, vil vedkomande kunne signere elektroniske meldingar på vegner av den eininga eller føretaket der retten er gitt.

Om eininga ikkje har styreleiar eller dagleg leiar, kan kontaktperson, forretningsførar eller norsk representant tildele retten til å signere

Du kan også sende opplysningar til andre offentlege etatar

Gjennom tenesta Samordna registermelding kan du også sende inn opplysningar til Meirverdiavgiftsregisteret, NAV Registerforvaltning, Verksemds- og føretaksregisteret hos SSB, Stiftelsesregisteret og Skattedirektoratet sitt register over upersonlege skattytarar.