Vi behandlar saka
Saka kjem til oss og blir behandla av ein saksbehandlar.
Du kan sjå kva dato vi er komen til i saksbehandlingskøen vår på sida Når blir saka mi behandla?
Mangelfull innsending
Om det er manglar ved innsendinga, tar vi kontakt med deg som har sendt inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn. Du får informasjon om kva du må gjere for å rette opp manglane eller få saka vurdert på nytt. Om det er ein frist for når du må sende inn riktig eller meir informasjon, vil vi gje beskjed om dette i informasjonen vår.
Høyrer du ikkje frå oss?
Da kan det vere fordi meldinga ikkje er sendt inn, eller at ho ikkje er signert.