Historia vår

Sist oppdatert: 14. september 2017 .

I 1980 blei det første registeret, Lausøyreregisteret, etablert. Den gongen hadde verksemda 14 tilsette, var ein del av Brønnøy Sorenskrivarembete og underlagd Justisdepartementet. Årsaka til etableringa av Lausøyreregisteret var lov om pant i lausøyre, som blei vedtatt i 1978. Loven bygde på at det skulle finnast eit databasert register, til forskjell frå dei tidlegare manuelle registera som var spreidde på nesten 100 sorenskrivarembete rundt om i landet. Året etter kom Ektepaktregisteret og Rekneskapsregisteret.

I 1988 blei Brønnøysundregistera skilt ut som ein eigen statleg forvaltingsetat. Same året erstatta Føretaksregisteret dei 96 handelsregistera i landet. Dette blei eit landsomfattande register over føretaka i Noreg.

Einingsregisteret blei etablert i 1995, og er eit register over juridiske einingar. Etableringa var eit viktig skritt i retning av forenkling og samordning. Einingsregisteret blei sjølve grunnmuren i oppbygginga av Brønnøysundregistera som sentral aktør innanfor elektronisk forvalting i Noreg. Organisasjonsnummer blei innført då einingsregisterloven blei sett i verk.

Frå 2001 blei Brønnøysundregistera ein etat underlagd Nærings- og handelsdepartementet. Dette medførte at etaten i enda større grad blei ein viktig næringspolitisk reiskap for forenkling og samordning mellom det offentlege og næringslivet. I 2003 blei Altinn oppretta som ein innrapporteringskanal for økonomiske data. I dag er Altinn ei plattform, ein organisasjon og eit samarbeid. Altinn er ei viktig drivkraft for digitaliseringa av Noreg.

Frå 1990-talet og fram til i dag har fleire register blitt etablert. No forvaltar og driv Brønnøysundregistera 17 av dei viktigaste registera i landet. I dag samarbeider 560 tilsette om å gjere det enklare for alle å ha med det offentlege å gjere, og etaten er eit av dei viktigaste utøvande organa til regjeringa i utviklinga av digitale tenester.

Vil du vite meir om historia vår? Då kan du lese jubileumsboka «Brønnøysundregistran – værsågod!» (PDF) som fortel historia gjennom 25 år.