Skifteutlegg
Sist oppdatert: 17. november 2025.
Når tingretten vedtar skifteutlegg, skal utlegget registrerast i Lausøyreregisteret.
Skifteutlegg er ein panterett stifta av tingretten i midlar som er under skiftebehandling (ved skilsmisse eller dødsfall), til sikkerheit for ektefellen, arvingen eller kreditor sin rett ifølge skiftet.
For eksempel: Eit ektepar, Kari og Per, går gjennom ei skilsmisse. De eig ein bil saman, men det er Per som skal overta bilen etter skilsmissa. Kari har krav på 100 000 kroner som sin del av verdien. Per har ikkje pengar til å betale Kari med ein gong, men retten bestemmer at han likevel kan overta bilen. For å sikre at Kari får pengane sine, gir retten henne skifteutlegg i bilen.
Når det blir tatt skifteutlegg i lausøyre som ikkje kan registrerast i eit realregister, skal skifteutlegget tinglysast i Lausøyreregisteret. Skifteutlegget blir tinglyst på skyldnaren sitt fødselsnummer eller organisasjonsnummer for å få rettsvern, og informasjonen er offentleg tilgjengeleg ved oppslag i søketenesta vår.
Tingretten sørger for at skifteutlegget blir tinglyst i Lausøyreregisteret. Vi må motta følgande opplysningar:
- kva domstol som har vedtatt skifteutlegg
- tidspunkt for avgjerda
- om skifteutlegget gjeld arv eller gjeld
- pantsettar (skyldnar) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- panthavar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer. Dersom panthavar er utanlandsk person eller føretak, må namn og adresse i utlandet vere oppgitt
- beløp det blir tatt skifteutlegg for
- formuesgode det blir tatt skifteutlegg i
- namsmyndigheita si underskrift i original, enten på sjølve vedtaket eller på oversendingsbrevet
Panthavar eller panthavar sin prosessfullmektige kan be om re-tinglysing av skifteutlegget. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 5 år for skifteutlegg for gjeld, og 30 for skifteutlegg for arv.
Dette blir gjort ved å sende inn ei laus erklæring med melding om at rettsstiftelsen skal re-tinglysast. Erklæringa må innehalde dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva skifteutlegg det gjeld.
Skifteutlegget blir sletta når panthavar eller bustyrar sender inn melding om sletting til oss. Dette skal skje når kravet er innfridd.