Privat beslagsforbod
Sist oppdatert: 5. februar 2026.
Eit privat beslagsforbod i lausøyregjenstandar, for eksempel pengar eller motorvogn, skal tinglysast i Lausøyreregisteret.
Eit privat beslagsforbod er når gavegivar eller testator avgjer at formuesgode som blir gitt i gåve eller arv skal vere unntatt beslag, dersom personen som får gåva eller arven har eller får gjeld. Det betyr at sjølv om nokon skyldar pengar, kan ikkje kreditorane ta desse eigedelane som betaling. Beslagsforbodet kan gjelde eldre og framtidig gjeld, eller berre ein av delane, avhengig av kva givaren bestemmer.
Det skal vere utnemd ein tillitsmann som skal passe på kva midlar som til ei kvar tid er omfatta av beslagsforbodet, og at desse ikkje blir brukte i strid med vilkåra, det vil seie at midlane ikkje går til dekning av gjeld. Tillitsmannen må vere statsforvaltar, bank eller advokat.
Tillitsmannen sørger for at beslagsforbodet blir tinglyst i Lausøyreregisteret. Vi må motta følgande opplysningar:
- ervervar (mottakar) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer
- overdragar (gåvegivar/testator) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- tillitsmannen sin tittel (statsforvaltar, bank eller advokat), namn og eventuelt organisasjonsnummer
- utgreiing av formuesgode som skal vere beslagsfri, enten i grunnlaget for beslagsforbodet (gåvebrev eller testament) eller i ei spesifisert liste som følger av oversendingsbrevet
- om beslagsforbodet gjeld eldre og/eller framtidig gjeld
- om beslagsforbodet er tidsavgrensa, dersom det er relevant
- tillitsmannen sin eller overdragar sin signatur i original
Dei beslagsfrie formuesgoda skal vere spesifisert. For eksempel skal det gå fram om beslagsforbodet gjeld pengar, registrert motorvogn, immaterielle rettar og så vidare.
Unntaksvis blir det akseptert at arva midlar som følger av testament ikkje er nærmare angitt, dersom buet ennå ikkje er gjort opp og det dermed er uklart kva eigedelar arven omfattar. Vi gjer oppmerksam på rettsavgjerda RG-2010-536, der det går fram at det er nødvendig å tinglyse kva konkrete formuesgode som er mottatt i arv, når dette er avklart, for at rettsvernet skal vere ivaretatt.
Dersom dei beslagsfrie midlane stammar frå ei gåve gitt i gåvebrev, må det alltid vere spesifisert kva som er dei beslagsfrie midlane.
Tillitsmannen kan samtykke i at beslagsfrie eigedelar blir selde eller bytta ut.
Beslagsfridomen går over på dei nye eigedelene, dersom reglane om rettsvern blir følgde. Etter lova går det fram at «[n]y tinglysing i løsøreregisteret er likevel ikke nødvendig, men tillitsmannen skal føre en nøyaktig fortegnelse over de eiendeler som til enhver tid omfattes av forbudet», jf. dekningslova § 3-6 siste punktum. Ny tinglysing er ikkje nødvendig, men ombyttinga kan tinglysast.
Flytting av pengar mellom bankkontoar blir ikkje rekna som ombytte etter lova, jf. dom frå Hålogaland lagmannsrett av 2019, LH-2019-78793. Rettsvernet er ivaretatt ved at beslagsforbodet er tinglyst i Lausøyreregisteret, mens det er tillitsmannen sitt ansvar å føre ei nøyaktig liste over dei kontoane som til ei kvar tid er omfatta av forbodet.
Ombytting av beslagsfrie midlar kan tinglysast i Lausøyreregisteret, mens flytting av penger frå ein konto til ein annan, verken skal eller kan tinglysast i Lausøyreregisteret.
Tillitsmannen kan be om sletting av beslagsforbodet, dersom midlane som er omfatta av beslagsforbodet er brukt opp eller dersom ervervaren er død.
Elles kan beslagsforbodet bli sletta dersom det finst eit vedtak frå Stiftelsestilsynet som opphevar beslagsforbodet. Brev om sletting kan kome frå både overdragar (givar), ervervar (mottakar) og tillitsmann. Dokumentasjon frå Stiftelsestilsynet må leggast ved. Vi godtar at denne er i kopi, og kopien trenger ikkje å vere stadfesta. Vi godtar også elektronisk godkjent vedtak frå Stiftelsestilsynet.
Beslagsforbodet kan også slettast dersom gåvebrevet eller testamentet inneheld reglar om når det opphøyrer, det vil seie eit tidsavgrensa beslagsforbod. Det er ein føresetnad at det blir bedd om sletting med særskilt tilvising til gåvebrevet eller testamentet.
Merk at krav om sletting, for alle tilfelle, må ha original underskrift.
Det er ikkje eit eige skjema for tinglysing av privat beslagsforbod. Skriv eit brev som inneheld opplysningane som vi har beskrive under fana «registrering» ovanfor. Sørg for at brevet har original signatur før du sender det per post til:
Brønnøysundregistera
Lausøyreregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund
Nei, det er ikke mogleg å tinglyse eit privat beslagsforbod etter testamente før testator er død. Beslagsforbodet har rettsvern utan tinglysing fram til buet er overtatt til skifte.
Dersom midlane er brukt opp, kan du be tillitsmannen kontakte oss og be om sletting.
Elles må du kontakte Stiftelsestilsynet, som kan fatte vedtak om opphøyr av beslagsforbodet. Vedtak frå Stiftelsestilsynet må i så fall leggast ved når du ber om sletting.
Kravet om sletting må ha original underskrift, og bli sendt per post til:
Brønnøysundregistera
Lausøyreregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund