Pant i køyretøy, anleggsmaskiner og jernbanemateriell
Sist oppdatert: 18. juni 2025.
Næringsdrivande kan pantsette køyretøy, flyttbare anleggsmaskiner og jernbanemateriell som blir brukt eller er bestemt til bruk i næringsverksemda.
Panteretten får rettsvern ved tinglysing i Lausøyreregisteret på eigaren sitt eller bruksrettshavaren sitt fødselsnummer (enkeltpersonføretak) eller organisasjonsnummer.
- Køyretøy som blir brukt eller er bestemt til bruk i næringsaktivitet
- Som køyretøy reknast køyretøy som blir drivne fram med motor, enten på hjul eller på belte. Registreringspliktig tilhengar til køyretøy blir også rekna som køyretøy.
- Flyttbare anleggsmaskiner som blir brukt eller er bestemt til bruk i den næringsdrivande si entreprenørverksemd.
- Med anleggsmaskin reknast kvar innretning som kan flyttast frå anlegg til anlegg og som etter sin art kan karakteriserast som anleggsmaskin. Utstyret må vere av ein viss størrelse. Det er berre entreprenørar som kan pantsette anleggsmaskiner. Anleggsmaskiner som blir brukt i verksemd som ikkje er entreprenørverksemd, må reknast som driftstilbehøyr.
- Jernbanemateriell beståande av lokomotiv, motorvognsett og vogner, som blir brukte eller er bestemte til bruk i den næringsdrivande sin jernbanetrafikk.
- Også materiell som blir brukt eller er bestemt til bruk for forstadsbane, tunnelbane eller sporveg blir rekna som jernbanemateriell. Det er berre den som driv jernbanetrafikk som kan pantsette jernbanemateriell.
Pantsetting kan skje enkeltvis, eller for køyretøy, anleggsmaskiner eller jernbanemateriell under eitt (flåtepant)
Køyretøy, anleggsmaskiner og jernbanemateriell kan pantsettast enkeltvis.
Ved flåtepantsetting av køyretøy og anleggsmaskiner, må desse pantsettast under eitt. Pantsettinga kan ikkje avgrensast til å gjelde berre køyretøy eller berre anleggsmaskiner, fordi det kan vere vanskeleg å trekke grensa mellom desse. Dette gjeld sjølv om den næringsdrivande for eksempel berre har køyretøy.
Jernbanemateriell kan flåtepantsettast uten at pantsettinga samtidig må omfatte køyretøy og anleggsmaskiner. Dersom eit føretak som driv jernbanetrafikk ønsker å flåtepantsette både jernbanemateriell og køyretøy, må desse pantsettast kvar for seg.
Dersom næringsaktiviteten består av fleire avdelingar som er driftsmessig adskilte, kan pantsettaren sine samla køyretøy, anleggsmaskiner eller jernbanemateriell ved den enkelte avdeling pantsettast kvar for seg.
Pantsettaren kan selje eller skifte ut køyretøy, anleggsmaskiner eller jernbanemateriell så lenge dette er i samsvar med forsvarleg drift og ikkje vesentleg reduserer panthavaren si sikkerheit.
- Føretak registrert i Føretaksregisteret
- Sjukehus, pleieheim, skole, universitet, museum, idretts- eller fritidsinstitusjon og andre institusjonar av sosial, humanitær eller liknande art, sjølv om dei ikkje blir drivne med sikte på forteneste, i den utstrekning dette blir bestemt i forskrift.
Dersom føretaket ikkje er registrert i Føretaksregisteret, blir éin av følgende godtatt som dokumentasjon på næringsdrift:
- Signert stadfesting frå panthavar om at panthavar reknar pantsettar for å vere næringsdrivande
- Signert eigenerklæring frå pantsettar om at dei driv næringsdrift
Næringsdrivande i landbruket kan også avtale pant i køyretøy, anleggsmaskiner og jernbanemateriell. Dette gjeld:
- Føretak og personar registrerte i Føretaksregisteret eller Meirverdiavgiftsregisteret, og som driv med
- jordbruk, skogbruk, gartneri, fjørfeoppdrett, pelsdyroppdrett, biavl, oppdrett av organismar i saltvatn eller ferskvatn, stutteri eller tamreindrift
- næringsaktivitet som har naturleg tilknyting til jordbruksverksemd. Sjølvstendig industriell bearbeiding av landbruksprodukt blir ikkje rekna som næringsverksemd i landbruket.
Du må bruke godkjent blankett for å få tinglyst pant i køyretøy, anleggsmaskiner og jernbanemateriell.
Pantedokumentet må innehalde:
- Pantsettar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- Panthaver (kreditor) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer. Dersom panthavar er utanlandsk person eller føretak skal namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
- Beløpet det blir tatt pant for
- Om panteavtalen gjeld enkeltvis eller samla pantsetting av køyretøy og/eller anleggsmaskiner eller jernbanemateriell i sin heilskap, eller i ein driftsmessig adskilt del av næringsverksemda.
- Pantsettar si underskrift i original. Dersom blanketten går over fleire sider, skal pantsettar underskrive kvar side i avtalen.
Pantsettar skal signere dokumentet.
Dersom pantsettar er fysisk person, er det hen sjølv som skal signere.
Dersom pantsettar er ei verksemd, er det reglane for den enkelte organisasjonsforma som bestemmer kven som kan signere. For aksjeselskap er utgangspunktet at styret i fellesskap skal signere for selskapet. Dette gjeld så framt ikkje annan signaturregel er meldt og registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Lausøyreregisteret sjekkar kven som har signaturrett etter opplysningane i Einingsregisteret/Føretaksregisteret. Vi godtar ikkje protokoll frå generalforsamling, styremøte, sameigarmøte eller liknande som viser val av styre eller signaturreglar som endå ikkje er meldt og godkjent i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Vi kan unntaksvis godta at dokumentet er signert etter styresamansetting eller signaturreglar som tidlegare har vore registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret, føresett at det blir gitt uttrykkeleg beskjed om dette i følgeskriv. Vi sjekkar da signaturen opp mot opplysningane som var registrerte i Einingsregisteret/Føretaksregisteret på tidspunktet for signeringa.
Det er mogleg å bruke fullmakt til signering, jf. tinglysingsforskriften § 7 andre ledd.
Re-tinglysing
Panthavar (kreditor) kan be om re-tinglysing av pantet. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 20 år. Dette gjer du ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om re-tinglysing.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å re-tinglyse rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
Nedkvittering
Panthavar (kreditor) kan be om nedkvittering av pantet. Dette blir gjort ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om nedkvitteringea.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å nedkvittere rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- beløpet pantet blir nedkvittert til
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Auke
Det er ikkje mogleg å auke pantebeløpet på eit eksisterande tinglyst pant. Det må bli etablert eit nytt pant.
Prioritetsviking
Det er mogleg å vike prioritet til fordel for andre pant i same formuesgode. Prioritetsvikinga blir tinglyst som ei påteikning på rettsstiftelsen som vik prioritet. Panthavar som vik prioritet sender inn det originale dokumentet med påteikning om prioritetsvikinga.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om prioritetsvikinga. Erklæringa må innehalde
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant som vik prioritet
- stadfesting på at pantet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
I begge tilfelle blir pantet det blir vike prioritet for identifisert på følgende måte:
- prioritetsviking for allereie tinglyste rettsstiftelsar
- oppgi kva dokumentnummer det blir vike prioritet for.
- prioritetsviking for rettsstiftelsar som ikkje (enda) er tinglyst (førehandsviking)
- oppgi panthavar sitt namn og pantekravet sin størrelse.
Transport
Pantet kan bli transportert (overført) til ny rettshavar (panthavar). Dette blir gjort ved at panthavar sender inn det originale dokumentet med påteikning om transporten.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen transporterer rettsstiftelsen. Erklæringen må innehalde
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant som blir transportert
- stadfesting på at pantet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
I begge tilfelle må det gå tydeleg fram kven rettsstiftelsen er transportert til. Den nye rettshavaren må vere identifisert med fullt namn og fødsels- eller organisasjonsnummer. Dersom rettshavaren er utanlandsk person eller føretak, skal namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
Merk at pantobligasjon alltid må slettast på originaldokumentet, om ikkje panthavar er bank eller finansinstitusjon med konsesjon etter finansføretakslova § 2-7.
Pant i køyretøy, anleggsmaskiner og jernbanemateriell blir sletta når panthavar sender inn ei melding om sletting til oss. Dette skal skje når kravet er innfridd.
Panthavar kan, for å krevje sletting, sende inn det originale dokumentet med påteikning om sletting.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å slette rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Merk at pantobligasjon alltid må slettast på originaldokumentet, om ikkje panthavar er bank eller finansinstitusjon med konsesjon etter finansføretakslova § 2-7.
Dersom vi ikkje får melding om sletting, vil pantet bli sletta 20 år etter registrering, når rettsvernstida for tinglysinga er ferdig.