Pant i driftstilbehøyr
Sist oppdatert: 21. mai 2025.
Næringsdrivande kan pantsette driftstilbehøyr som blir brukt i drifta av næringsverksemda.
Pant i driftstilbehøyr blir tinglyst i Lausøyreregisteret på eigaren sitt fødselsnummer (enkeltpersonføretak) eller organisasjonsnummer for å få rettsvern.
- Maskiner, reiskapar, innbu og anna utstyr
- Rett til varemerke, patent, design, kretsmønster for integrerte kretsar og planteforedlarrett og erverva opphavsrett, irekna utøvande kunstarar si framføring av eit verk
- Undersøkingsrett etter lov av 19. juni 2009 om erverv og utvinning av mineralressurser
Panterett i driftstilbehøyr omfattar ikkje fast eigedom og realregistrerbart lausøyre (lausøyre som kan registrerast i eit realregister), og heller ikkje ting som kan pantsettast som motorvogn/anleggsmaskin, landbrukslausøyre eller fiskereiskapar.
Driftstilbehøyret må pantsettast i sin heilskap, slik det er til ei kvar tid. Enkelte einingar av driftstilbehøyret, for eksempel berre inventaret eller ei enkelt maskin, kan ikkje pantsettast aleine.
Dersom verksemda består av fleire avdelingar som er driftsmessig adskilte, kan driftstilbehøyret for den enkelte avdelinga pantsettast for seg. Eksempel på driftsmessig adskilt del kan vere ei verksemd som driv butikkar på ulike lokasjonar.
Pantsettaren kan skifte ut eller selje det pantsatte driftstilbehøyret så langt det er i samsvar med forsvarleg drift og ikkje vesentleg reduserer panthavaren si sikkerheit. Pantsettar kan altså forvalte driftstilbehøyret som ønska, så framt verdien av driftstilbehøyret ikkje blir påverka for mykje i negativ retning.
- Føretak registrert i Føretaksregisteret
- Sjukehus, pleieheim, skole, universitet, museum, idretts- eller fritidsinstitusjon og andre institusjonar av sosial, humanitær eller liknande art, sjølv om dei ikkje blir drivne med sikte på forteneste, i den utstrekning dette blir bestemt i forskrift.
Dersom føretaket ikkje er registrert i Føretaksregisteret, blir éin av følgende godtatt som dokumentasjon på næringsdrift:
- Signert stadfesting frå panthavar om at panthavar reknar pantsettar for å vere næringsdrivande
- Signert eigenerklæring frå pantsettar om at dei driv næringsdrift
For tinglysing av pant i driftstilbehør må du bruke godkjent blankett.
Pantedokumentet må innehalde:
- Pantsettar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- Panthavar (kreditor) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer. Dersom panthavar er utanlandsk person eller føretak skal namn og adresse i utlandet vere oppgtt.
- Beløpet det blir tatt pant for
- Om panteavtalen gjeld pantsetting av driftstilbehøyret i sin heilskap eller ein driftsmessig adskilt del av næringsverksemda
- Pantsettar si underskrift i original. Dersom blanketten går over fleire sider, skal pantsettar underskrive kvar side i avtalen.
Pantsettar skal signere dokumentet.
Dersom pantsettar er fysisk person, er det hen sjølv som skal signere.
Dersom pantsettar er ei verksemd, er det reglane for den enkelte organisasjonsforma som bestemmer kven som kan signere. For aksjeselskap er utgangspunktet at styret i fellesskap skal signere for selskapet. Dette gjeld så framt ikke annan signaturregel er meldt og registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Lausøyreregisteret sjekkar kven som har signaturrett etter opplysningane i Einingsregisteret/Føretaksregisteret. Vi godtar ikkje protokoll frå generalforsamling, styremøte, sameigarmøte eller liknande som viser val av styre eller signaturreglar som enda ikkje er meldt og godkjent i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Vi kan unntaksvis godta at dokumentet er signert etter styresamansetting eller signaturreglar som tidlegare har vore registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret, føresett at det blir gitt uttrykkeleg beskjed om dette i følgeskriv. Vi sjekkar da signaturen opp mot opplysningane som var registrerte i Einingsregisteret/Føretaksregisteret på tidspunktet for signeringa.
Det er mogleg å bruke fullmakt til signering, jf. tinglysingsforskrifta § 7 andre ledd (lovdata.no).
Pant i driftstilbehøyr blir sletta når panthavar sender inn ei melding om sletting til oss. Dette skal skje når kravet er innfridd.
Panthavar kan, for å krevje sletting, sende inn det originale dokumentet med påteikning om sletting.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å slette rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Merk at pantobligasjon alltid må slettast på originaldokumentet, om ikkje panthavar er bank eller finansinstitusjon med konsesjon etter finansføretakslova § 2-7 (lovdata.no).
Dersom vi ikkje får melding om sletting, vil pantet slettast 20 år etter registrering, når rettsvernstida for tinglysinga er ferdig.
Re-tinglysing
Panthavar (kreditor) kan be om re-tinglysing av pantet. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 20 år. Dette gjer du ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om re-tinglysing.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å re-tinglyse rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
Nedkvittering
Panthavar (kreditor) kan be om nedkvittering av pantet. Dette blir gjort ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om nedkvitteringea.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å nedkvittere rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- beløpet pantet blir nedkvittert til
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Auke
Det er ikkje mogleg å auke pantebeløpet på eit eksisterande tinglyst pant. Det må bli etablert eit nytt pant.
Prioritetsviking
Det er mogleg å vike prioritet til fordel for andre pant i same formuesgode. Prioritetsvikinga blir tinglyst som ei påteikning på rettsstiftelsen som vik prioritet. Panthavar som vik prioritet sender inn det originale dokumentet med påteikning om prioritetsvikinga.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om prioritetsvikinga. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant som vik prioritet
- stadfesting på at pantet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
I begge tilfelle blir pantet det blir vike prioritet for identifisert på følgende måte:
- prioritetsviking for allereie tinglyste rettsstiftelsar
- oppgi kva dokumentnummer det blir vike prioritet for.
- prioritetsviking for rettsstiftelsar som ikkje (enda) er tinglyst (førehandsviking)
- oppgi panthavar sitt namn og pantekravet sin størrelse.
Transport
Pantet kan bli transportert (overført) til ny rettshavar (panthavar). Dette blir gjort ved at panthavar sender inn det originale dokumentet med påteikning om transporten.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen transporterer rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant som blir transportert
- stadfesting på at pantet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
I begge tilfelle må det gå tydeleg fram kven rettsstiftelsen er transportert til. Den nye rettshavaren må vere identifisert med fullt namn og fødsels- eller organisasjonsnummer. Dersom rettshavaren er utanlandsk person eller føretak, skal namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
Merk at pantobligasjon alltid må slettast på originaldokumentet, om ikkje panthavar er bank eller finansinstitusjon med konsesjon etter finansføretakslova § 2-7 (lovdata.no).