Løysingsrett til fordel for nærståande
Sist oppdatert: 5. februar 2026.
Løysingsrett til fordel for nærståande i lausøyregjenstandar, for eksempel pengar eller motorvogn, skal tinglysast i Lausøyreregisteret.
Løysingsrett til fordel for nærståande blir også kalla for privat løysingsrett. Dette er ein rett for nær familie til å kjøpe tilbake ein eigedel til ein låg pris, ofte med intensjon om å behalde eigedelen innad i familien. Det kan minne om ei form for forkjøpsrett, men gjeld etter at noko er seld eller tvinga ut på marknaden.
Fordi retten gir ein veldig god pris (under 75% av marknadsverdien), må særskilte reglar bli følgt for at retten skal vere gyldig overfor kreditorane. Det føreset for eksempel at formuesgodet ved salet er blitt påhefta ein forkjøps-, gjenkjøps- eller annan løysingsrett til fordel for ervervaren sin nærståande.
Eit praktisk eksempel: Ein person sel ein verdifull lausøyregjenstand – for eksempel ei antikk sledekiste – til ein venn eller nabo. I kjøpekontrakten skriv seljaren ein klausul om at dersom kista seinare skal seljast vidare utanfor familien, har barna hens rett til å kjøpe ho tilbake for 200 kroner. Sjølv om gjenstanden da kan vere betydeleg meir verdt i dag, vil tilbakekjøpsretten kunne gjelde etter den fastsette prisen i kontrakten. Grunngivinga vil typisk vere at formålet med klausulen er å halde gjenstanden i familien, ikkje å sikre økonomisk gevinst eller å omgå kreditorar.
Det skal vere utnemnd ein tillitsmann som skal passe på kva midlar som til ei kvar tid er omfatta av løysingsretten, og at desse ikkje blir brukte i strid med vilkåra; altså at midlane ikkje går til dekning av gjeld. Tillitsmannen må vere statsforvaltar, bank eller advokat.
Tillitsmannen eller overdragar (den som har bestemt at det skal vere løysingsrett) sørger for at løysingsretten blir tinglyst i Lausøyreregisteret.
Vi må motta følgande opplysningar:
- ervervar (den eller dei som ervervar ein rett etter løysingsretten) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- overdragar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- tillitsmannen sin tittel (statsforvaltar, bank eller advokat), namn og eventuelt organisasjonsnummer
- utgreiing av formuesgode som løysingsretten gjeld, enten i grunnlaget for løysingsretten eller i ei spesifisert liste som følger av oversendingsbrevet
- om løysingsretten er tidsavgrensa, dersom det er relevant
- tillitsmannen sin eller overdragar sin signatur i original
Tillitsmannen kan be om sletting av løysingsretten, dersom ervervaren er død.
Elles kan løysingsretten bli sletta dersom det finst eit vedtak frå Stiftelsestilsynet som opphevar han. Brev om sletting kan kome frå både overdragar (givar), ervervar (mottakar) og tillitsmann. Dokumentasjon frå Stiftelsestilsynet må leggast ved. Vi godtar at denne er i kopi, og kopien treng ikkje å vere stadfesta. Vi godtar også elektronisk godkjent vedtak frå Stiftelsestilsynet.
Løysingsretten kan også slettast dersom grunnlaget for han (skøyte, testament eller liknande) inneheld reglar om når det opphøyrer, det vil seie ei tidsavgrensing. Det er en føresetnad at det blir bedd om sletting med særskilt tilvising til grunnlaget.
Merk at krav om sletting må, i alle tilfelle, ha original underskrift.