Leasingavtale
Sist oppdatert: 18. juni 2025.
Når du inngår ein leasingavtale på ein bil, vil det seie at du inngår ein avtale om langtidsleige av køyretøyet.
Fordi leasingavtaler liknar meir på eit salspantkjøp eller eit kredittkjøp, enn ein leieavtale, gjeld reglane for salgpant også for leasing. Leasingavtalar blir tinglyst i Lausøyreregisteret på leigaren sitt fødselsnummer eller organisasjonsnummer.
Leasingavtalen blir vist som hefte på køyretøyet ved søk på registreringsnummeret hos oss.
For tinglysing av leasingavtalen må du bruke godkjent blankett.
Leasingavtalen må innehalde:
- Leigetakar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- Eigar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer. Dersom eigar er utanlandsk person eller føretak, må namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
- Kva køyretøy avtalen gjeld. Køyretøyet blir identifisert ved at registreringsnummer blir oppgitt. Dersom avtalen omfattar fleire køyretøy, skal kvart registreringsnummer vere oppgitt.
- Leigetakar si underskrift i original
Re-tinglysing
Eigar (kreditor) kan be om re-tinglysing av leasingavtalen. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 30 år.
Dette blir gjort ved at eigar sender inn det originale dokumentet med påteikning om re-tinglysing.
Alternativt kan eigar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å re-tinglyse rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva leasingavtale det gjeld
- stadfesting på at leasingavtalen ikkje er transportert til nokon andre
Transport
Leasingavtalen kan bli transportert (overført) til ny rettshavar (eigar). Dette blir gjort ved at eigar sender inn det originale dokumentet med påteikning om transporten.
Alternativt kan eigar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen transporterer rettsstiftelsen. Erklæringen må inneholde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva leasingavtale som blir transportert
- stadfesting på at leasingavtalen ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
I begge tilfelle må det gå tydeleg fram kven rettsstiftelsen blir transportert til. Den nye rettshavaren må vere identifisert med fullt namn og fødsels- eller organisasjonsnummer. Dersom rettshavaren er utanlandsk person eller føretak, skal namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
Leasingavtalen blir sletta når eigar (kreditor) sender inn ei melding om sletting til oss. Dette skal skje når kravet er innfridd.
Eigar kan, for å krevje sletting, sende inn det originale dokumentet med påteikning om sletting.
Alternativt kan eigar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å slette rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva leasingavtale det gjeld
- stadfesting på at leasingavtalen ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Dersom vi ikkje får melding om sletting, vil leasingavtalen bli sletta 30 år etter registrering, når rettsvernstida for tinglysinga er ferdig.