Inkje til utlegg
Sist oppdatert: 19. november 2025.
Når namsmannen vedtar «inkje til utlegg», skal det registrerast i Lausøyreregisteret.
Inkje til utlegg vil seie at namsmannen har avslutta ei utleggsforretning med konklusjon om at skyldnaren ikkje har noko formuesgode eller lønn eller trygd som det kan bli tatt utlegg i.
Utleggsforretninga blir halde når kreditor krev at skyldnar gjer opp for ubetalt gjeld. Inkje til utlegg blir avgjort utan at skyldnar treng å godta det sjølv, og skill seg slik frå frivillig pant.
Når namsmannen har vedtatt inkje til utlegg, skal det bli registrert i Lausøyreregisteret. Inkje til utlegg blir registrert på skyldnaren sitt fødselsnummer eller organisasjonsnummer, og er berre tilgjengeleg for ein bestemd personkrets.
Opplysningar om inkje til utlegg kan berre bli gitt til advokatar, finansinstitusjonar, inkassobyrå, føretak som driv kredittopplysningsverksemd etter kredittopplysningslova, og offentlege myndigheiter med teieplikt etter forvaltningslova eller anna lov.
Namsmannen sørger for at følgande opplysningar om inkje til utlegg blir registrerte i Lausøyreregisteret:
- saksøkte (skyldnar) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- saksøkar (kreditor) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- prosessfullmektige sitt organisasjonsnummer, fødselsnummer/d-nummer eller namn og adresse
- kva namsmann som har vedtatt inkje til utlegg
- namsmannen sitt saksnummer
- dato for når utleggsforretninga blei halden
Inkje til utlegg blir sletta 3 år etter utleggsforretninga blei halden, eller når namsmannen avgjer å oppheve utlegget. Dette kan skje når kravet har falle bort, for eksempel ved at saksøkar gir avkall på retten sin etter utleggsforretninga, eller kravet på annan måte blir innfridd.
Det er gebyrfritt å tinglyse inkje til utlegg.
Ofte stilte spørsmål
Det er namsmannen som har vedtatt inkje til utlegg. Dersom du er ueinig i avgjerda må du derfor kontakte namsmannen.
Dersom det er registrert ei avgjerd om inkje til utlegg på deg, eller verksemda di, som du meiner skulle vore sletta, må du ta kontakt med prosessfullmektig, og be dei melde i frå til namsmannen om at saka skal slettast.
Inkje til utlegg blir sletta same dag som vi får slettemeldinga.
Logg deg inn på Mi side på brreg.no. for å sjå kven som er saksøkar eller prosessfullmektig. Merk at verksemder må bestille utskrift av denne informasjonen ved å ta kontakt med oss på telefon.
Verksemder som driv kredittopplysningsverksemd, kan hente opplysningar som er relevante for kredittvurderingar frå Lausøyeregisteret.
Det er den enkelte kredittopplysningsverksemda som avgjer om opplysningane kan bli utleverte til ein annan mottakar, for eksempel ein bank som skal vurdere kredittevna di i samband med eit låneopptak. Dersom kredittopplysningsverksemda gir ut opplysningar om deg som privatperson, skal du få ein gjenpart om utleveringa av opplysningane.
Sjølv om opplysningane opprinneleg blir henta frå Lausøyreregisteret, er det den enkelte kredittopplysningsverksemda som er behandlingsansvarlig for opplysningane når desse blir delte vidare med tredjepartar. Lausøyreregisteret har ikkje informasjon om denne delinga.
Dersom du får eit gjenpartsbrev som viser til opplysningar frå Brønnøysundregistera og/eller Lausøyreregisteret, ber vi derfor om at du tar kontakt med den enkelte kredittopplysningsverksemda dersom du har spørsmål.
Hen må ta kontakt med namsmannen, og be dei slette utlegget.