Pant i akvakulturløyve
Sist oppdatert: 18. juni 2025.
Akvakulturløyve kan pantsettast. Panteretten får rettsvern ved tinglysing på løyvet i Akvakulturregisteret.
For tinglysing av pant i akvakulturløyve, må du bruke godkjent blankett.
Pantedokumentet må innehalde:
- Pantsettar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- Panthavar (kreditor) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer. Dersom panthavar er utanlandsk person eller føretak skal namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
- Beløpet det blir tatt pant for
- Kva løyve avtalen omfattar. Løyvet blir identifisert ved at løyvenummer er oppgitt.
- Pantsettar si underskrift i original. Dersom blanketten går over fleire sider, skal pantsettar underskrive kvar side i avtalen.
Pantsettar skal signere dokumentet.
Dersom pantsetaer er fysisk person, er det hen sjølv som skal signere.
Dersom pantsettar er ei verksemd, er det reglane for den enkelte organisasjonsforma som bestemmer kven som kan signere. For aksjeselskap er utgangspunktet at styret i fellesskap skal signere for selskapet. Dette gjeld så framt ikkje anna signaturregel er meldt og registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Akvakulturregisteret sjekkar kven som har signaturrett etter opplysningane i Einingsregisteret/Føretaksregisteret. Vi godtar ikkje protokoll frå generalforsamling, styremøte, sameigarmøte eller liknande som viser val av styre eller signaturreglar som enda ikkje er meldt og godkjent i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Vi kan unntaksvis godta at dokumentet er signert etter styresamansetning eller signaturreglar som tidlegare har vore registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret, føresett at det blir gitt uttrykkeleg beskjed om dette i følgeskriv. Vi sjekkar da signaturen opp mot opplysningane som var registrerte i Einingsregisteret/Føretaksregisteret på tidspunktet for signeringa.
Vi godtar ikkje signering etter prokura.
Det er mogleg å bruke fullmakt til signering, jf. tinglysingsforskrifta § 7 andre ledd (lovdata.no).
Re-tinglysing
Panthavar (kreditor) kan be om re-tinglysing av pantet. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 20 år. Dette gjer du ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om re-tinglysing.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å re-tinglyse rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
Nedkvittering
Panthavar (kreditor) kan be om nedkvittering av pantet. Dette blir gjort ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om nedkvitteringea.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å nedkvittere rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- beløpet pantet blir nedkvittert til
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Auke
Panthavar (kreditor) kan be om auke av pantet. Dette blir gjort ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om auken.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å auke rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- beløpet pantet blir auka til
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Prioritetsviking
Det er mogleg å vike prioritet til fordel for andre pant i same formuesgode. Prioritetsviking blir tinglyst som ei påteikning på rettsstiftelsen som vik prioritet. Panthavar som vik prioritet sender inn det originale dokumentet med påteikning om prioritetsviking.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om prioritetsvikinga. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant som vik prioritet
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
I begge tilfelle blir pantet det blir vike prioritet for identifisert på følgende måte:
- prioritetsviking for allereie tinglyste rettsstiftelsar
- oppgi kva dokumentnummer det blir vike prioritet for
- prioritetsviking for rettsstiftelsar som ikkje (enda) er tinglyst (førehandsviking)
- oppgi panthavar sitt namn og pantekravet sin størrelse
Transport
Pantet kan bli transportert (overført) til ny rettshavar (panthavar). Dette blir gjort ved at panthavar sender inn det originale dokumentet med påteikning om transporten.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen transporterer rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant som blir transportert
- stadfesting på at pantet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
I begge tilfelle må det gå tydeleg fram kven rettsstiftelsen er transportert til. Den nye rettshavaren må vere identifisert med fullt namn og fødsels- eller organisasjonsnummer. Dersom rettshavaren er utanlandsk person eller føretak, skal namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
Pant i akvakulturløyve blir sletta når panthavar sender inn ei melding om sletting til oss. Dette skal skje når kravet er innfridd.
Panthaver kan, for å krevje sletting, sende inn det originale dokumentet med påteikning om sletting.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å slette rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Dersom vi ikkje får melding om sletting, vil pantet bli sletta 20 år etter registrering, når rettsvernstida for tinglysinga er ferdig.
Kva kostar det å tinglyse pant i akvakulturløyve?
Sjå oversikt over gebyr for tinglysing. Gebyret gjelder per tillatelse.