Salspant i køyretøy
Sist oppdatert: 30. april 2025.
I forbindelse med sal av køyretøy kan det avtalast panterett i køyretøyet til sikkerheit for seljar sitt krav på kjøpesummen, eller lån gitt av andre, for eksempel ein bank.
For at långivaren skal få rettsvern for pantet i køyretøyet, må salspantet tinglysast på pantsettaren sitt fødselsnummer eller organisasjonsnummer i Lausøyreregisteret. Salspantet blir vist som hefte på køyretøyet ved søk på registreringsnummeret hos oss.
For tinglysing av salgspant i køyretøy må du bruke godkjent blankett.
Pantedokumentet må innehalde:
- Pantsettar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- Panthaver (kreditor) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer. Dersom panthavar er utanlandsk person eller føretak skal namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
- Beløpet det tas salgspant for.
- Kva motorvogn avtalen omfattar. Motorvogna blir identifisert ved at registreringsnummer blir oppgitt. Dersom avtalen gjeld fleire motorvogner, skal du oppgi kvart registreringsnummer.
- Om salgspantet gjeld seljaren sitt krav på kjøpesummen (alternativ A) eller om lånet er gitt av tredjeperson (alternativ B).
- Pantsettar si underskrift i original. Dersom blanketten går over fleire sider, skal pantsettar underskrive kvar side i avtalen.
Dersom pantsetter er fysisk person, er det hen sjølv som skal signere.
Dersom pantsettar er ei verksemd, er det reglane for den enkelte organisasjonsforma som bestemmer kven som kan signere. For aksjeselskap er utgangspunktet at styret i fellesskap skal signere for selskapet. Dette gjeld så framt ikkje annan signaturregel er meldt og registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Lausøyreregisteret sjekkar kven som har signaturrett etter opplysningane i Einingsregisteret/Føretaksregisteret. Vi godtar ikkje protokoll frå generalforsamling, styremøte, sameigarmøte eller liknande som viser val av styre eller signaturreglar som enda ikkje er meldt og godkjent i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Det er mogleg å bruke fullmakt til signering, jf. tinglysingsforskrifta § 7 andre ledd.
Salgspant blir sletta når panthavar sender inn ei melding om sletting til oss. Dette skal skje når kravet er innfridd.
Panthavar kan, for å krevje sletting, sende inn det originale dokumentet med påteikning om sletting.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å slette rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Dersom vi ikke får melding om sletting, vil salspantet slettast 20 år etter registrering, når rettsvernstida for tinglysingen er ferdig.
Panthaver (kreditor) kan be om re-tinglysing av salspantavtalen. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 20 år.
Dette gjer du ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om re-tinglysing.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å re-tinglyse rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Ofte stilte spørsmål
Vel alternativ A når du som seljar av bilen ønsker å ha eit pant i køyretøyet til du får oppgjer. Dette er mest aktuelt når du har avtalt forsinka betaling for køyretøyet.
Vel alternativ B når du korkje er kjøpar eller seljar, men ein tredjepart som skal låne bort pengar til eit bilsal og derfor ønsker pant i bilen.
Nei, ansvaret for gjelda vil fortsatt vere hos den som tok opp lån med pant i bilen, og vil ikkje overførast til den nye eigaren.
Dersom tidligare eigar ikkje betaler gjelda si, vil den som har lånt ut penger imidlertid kunne krevje bilen tilbakelevert eller seld for å dekke lånet.
Vi oppdaterer ikkje beløpet på heftet etter kvart som du betaler ned på lånet.
Lurer du på kor mykje som er igjen av lånet, kan du kontakte den som har pant i køyretøyet.
Etter at lånet er nedbetalt, vil det vanlegvis gå noko tid før pantet blir sletta.
Du må ta kontakt med banken dersom heftet ikkje blir sletta innan rimeleg tid.