Hefte i bil og andre køyretøy
Sist oppdatert: 26. oktober 2021.
Hos oss sjekkar du hefte på bil og andre køyretøy. Du kan også bestille dokumentasjon på dette.
Finn hefte på køyretøy
Skal du kjøpe ein bil, er det viktig at du først sjekkar om han har hefte. Kjøper du ein bil med hefte, kan du i verste fall risikere å miste bilen, om den som har pant i bilen krev han tvangsselt eller levert tilbake.
Sjekk at registreringsnummeret er gyldig før du søker hefte
Vi kan ikkje kontrollere at eit registreringsnummer er gyldig. Søker du på eit ugyldig nummer, vil det sjå ut som om køyretøyet finst og er utan hefte. Statens vegvesen har oversikt over gyldige registreringsnummer.
Hugs bevis for at det ikkje var hefte på kjøpetidspunktet
Om det ikkje er tinglyst hefte på bilen, bør du bestille ein panteattest. Den kan du bruke som dokumentasjon for å bevise at du var i god tru, om det skulle oppstå ein tvist seinare. Vel du å få panteattesten tilsend på e-post, er dette gratis.
Nei, ansvaret for gjelda vil framleis vere hos den som tok opp lån med pant i bilen, og vil ikkje overførast til den nye eigaren. Om den tidlegare eigaren ikkje betaler gjelda si, vil den som har lånt ut pengar kunne krevje bilen levert tilbake eller seld for å dekke lånet.
Vi oppdaterer ikkje beløpet på heftet etter kvart som du betaler ned på lånet. Lurer du på kor mykje som er igjen av lånet, kan du kontakte den som har pant i køyretøyet.
Etter at lånet er nedbetalt vil det vanlegvis gå noko tid før pantet blir sletta. Lausøyreregisteret har normalt frå tre til fem dagars saksbehandlingstid. Du må ta kontakt med banken dersom heftet ikkje blir sletta.
Om du låner ut pengar til nokon for å kjøpe bil, er det ein tryggleik for deg om du tinglyser pant i bilen.
Gjeld heftet eit salspant, leasing eller eit pantedokument for næringsdrivande, må du ta kontakt med den som har pant i køyretøyet (ofte ein bank). Det er den som har pant i bilen som må sende slettemelding til oss for å få fjerna heftet.