Elektronisk tinglysing
Sist oppdatert: 27. juni 2025.
Aktørar med fagsystem spesialutvikla for registrering og behandling av data (maskin-til-maskin) kan tinglyse rettsstiftelsar elektronisk i Lausøyreregisteret.
Dette inneber å kunne sende inn rettsstiftelsar for tinglysing digitalt, i staden for å sende papirdokument i posten. Det finst førebels ingen moglegheit for elektronisk tinglysing for privatpersonar eller andre som ikkje har fagsystem.
Dei som skal ta i bruk løysinga må sjølv sørge for utvikling og tilrettelegging av fagsystemet sitt.
Oversikt over kva du kan tinglyse elektronisk
Nyregistrering |
---|
Salspant i køyretøy |
Leasingavtale |
Pant i driftstilbehøyr |
Pant i varelager |
Pant i køyretøy, anleggsmaskiner og jernbanemateriell |
Pant i landbrukslausøyre |
Pant i fiskereiskapar |
Pant i fordringar (factoringavtale) |
Massetransport
Det er mogleg å elektronisk transportere fleire rettsstiftelsar frå ein rettshavar til ein annan, samtidig. Massetransport er praktisk typisk i to situasjonar:
- overdraging av mange pantedokument – for eksempel når ein bank sel ein portefølje av lån til ein annan bank
- fusjon mellom verksemder – når ei verksemd overtar alle eigedelar og rettar frå ein annan
Massetransport inneber at ein i staden for å sende inn eitt og eitt dokument, kan overføre opptil 1000 rettsstiftelsar samtidig. Det gir også eit lågare totalgebyr, i og med at du betaler eitt tinglysingsgebyr for heile overføringa. Sjå oversikt over gebyr for tinglysing.
Sletting
Alle dokument som kan tinglysast elektronisk kan du slette elektronisk.
Unntaket er pantobligasjonar, der slettekravet i utgangspunktet må førast på originaldokumentet. Bank eller finansinstitusjon med konsesjon etter finansforetakslova § 2-7 (lovdata.no) kan likevel slette pantobligasjon elektronisk.
Korleis ta i bruk løysinga?
Profesjonelle brukarar som ønsker å ta i bruk løysing for elektronisk tinglysing, må kontakte Lausøyreregisteret.