Registrering i Frivilligregisteret
Sist oppdatert: 4. mai 2025.
Ny teneste for innrapportering til Frivilligregisteret kjem
27. april stengde Samordna registermelding si teneste for å sende inn meldingar til Frivilligregisteret.
Ny teneste for Frivilligregisteret opnar første veka av mai.
Alle organisasjonar som fyller vilkåra har rett til å registrere seg og det er gratis.
Kvifor registrere i Frivilligregisteret?
Organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret, kan
- søke om å delta i Grasrotdelen til Norsk Tipping
- søke om momskompensasjon – få betalt tilbake moms dei har betalt ved kjøp av varer og tenester
Mange offentlege og private tilskotsordningar føreset registrering i Frivilligregisteret.
Kven kan registrere seg i Frivilligregisteret?
Krava for å kunne registrere foreininga i Frivilligregisteret
- Foreininga må vere registrert i Einingsregisteret med eit styre
- Foreininga kan ikkje ha fleirtal av styremedlemmer som er valde til rolla i kraft av offentlege verv.
- Det er berre foreiningar som ikkje er fortenestebasert som har rett til å registrere seg.
- Foreininga kan ikkje dele ut pengar til privatpersonar
- De må legge med vedtektene for å få registrert dykk i Frivilligregisteret, men det er frivillig å registrere dei.
Dersom de vel å registrere vedtektene, må de:
- sende inn oppdaterte vedtekter til Frivilligregisteret kvar gong dei blir endra
Krav til vedtektene som skal registrerast
Vedtektene må innehalde opplysningar om foreininga sitt:
- namn
- formål
- reglar for styret og årsmøtet
- reglar for medlemmene sitt forhold til foreininga
- reglar for vedtektsendringar
- reglar for opphøyr
- informasjon om at foreininga er sjølveigande (at ingen kan disponere foreininga si formue, har krav på utdeling av overskot eller hefte for gjeld)
Eksempel på vedtekter for foreiningar (PDF)
Foreiningar kan ta på seg frivillig innsendingsplikt av rekneskapsopplysningar
Det er frivillig for dei aller fleste foreiningar som ikkje er næringsdrivande å sende inn rekneskapsopplysningar til Rekneskapsregisteret.
Vel de å ta på dykk frivillig innsendingsplikt, må de registrere dette i Frivilligregisteret. Rekneskapen må de sende til Rekneskapsregisteret kvart år.
Det er eigne krav til rekneskapsopplysningar for foreiningar. Meir informasjon om desse reglene finn du på lovdata.no, i forskrift om register for frivillig virksomhet, kap. 6.
Dersom foreininga vel innsendingsplikt for rekneskapsopplysningar, må de oppgi dato for avslutning av rekneskapsåret.
Krava for å kunne registrere stiftelsen i Frivilligregisteret
- Stiftelsen må vere registrert i Einingsregisteret med eit styre
- Styret kan ikkje ha fleirtal av personar som er valde til rolla i kraft av offentlege verv
- Ved registrering i Frivilligregisteret må de sende inn vedtektene.
Alminnelege stiftelsar:
- Det er berre alminnelege stiftelsar som ikkje føretar utdelingar, eller som utelukkande føretar utdelingar til frivillig verksemd, som har rett til å registrere seg i Frivilligregisteret.
Næringsdrivande stiftelsar:
- Det er berre næringsdrivande stiftelsar som utelukkande føretar utdelingar til frivillig verksemd som har rett til å registrere seg i Frivilligregisteret.
Dersom stiftelsen føretar utdelingar kan han ikkje dele ut pengar til privatpersonar eller aktørar som sjølv ikkje har rett til å registrere seg i Frivilligregisteret. Midlane kan ikkje brukast til privat økonomisk vinning.
Krava for å kunne registrere aksjeselskapet i Frivilligregisteret
- Det er berre aksjeselskap som berre føretar utdelingar til frivillig verksemd som har rett til å registrere seg i Frivilligregisteret
- Aksjeselskapet må vere registrert i Føretaksregisteret med eit styre
- Styret kan ikkje ha fleirtal av personar som er der i kraft av eit offentleg verv
- Fleirtalet av aksjane kan ikkje vere eigde av det offentlege
- Ved registrering i Frivilligregisteret må de sende inn vedtektene
Dersom aksjeselskapet føretar utdelingar kan det ikkje dele ut pengar til privatpersonar eller aktørar som sjølv ikkje har rett til å registrere seg i Frivilligregisteret. Midlane kan ikkje brukast til privat økonomisk vinning.
Du må også registrere:
Organisasjonen skal gi opplysing om kategori eller aktivitetsområde som passar den aktiviteten organisasjonen driv.
Verksemda sitt kontonummer må vere registrert i Frivilligregisteret for å kunne vere med i grasrotandelen.
Andre aktørar bruker også kontonummeret som er registrert i Frivilligregisteret for å utbetale tilskot m.m.
Når verksemda di søker om å bli registrert i Frivilligregisteret, kan de også søke om å ta del i grasrotandelen, om vilkåra for deltaking i forskrift for grasrotandelen er oppfylte.
Berre sentralledd i frivillige organisasjonar med fleire regionalledd og/eller lokalledd skal melde tilknytingar til Frivilligregisteret. Det vil seie at ein frivillig organisasjon, som er sentralledd i organisasjonen, skal registrere dei organisatoriske forbindelsane den har til andre lokalledd og regionalledd i organisasjonen sin.
Rettleiing til korleis du melder tilknytingar i Frivilligregisteret.
Organisasjonen må vere registrert i Einingsregisteret før han kan bli registrert i Frivilligregisteret.