Kunngjeringar frå Rekneskapsregisteret
Sist oppdatert: 2. desember 2024.
Vi kunngjer godkjente årsrekneskapar, mellombalansar og varsel om tvangsoppløysing.
I Rekneskapsregisteret finn du årsrekneskap frå alle rekneskapspliktige verksemder. Kunngjeringa skjer normalt to dagar etter at Rekneskapsregisteret har godkjent årsrekneskapen.
Alle rekneskapspliktige verksemder skal kvart år sende komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret innan ein månad etter at det er vedtatt av generalforsamlinga eller tilsvarande organ.
Komplett årsrekneskap vil seie årsrekneskap med:
- notar
- årsmelding (gjeld ikkje dei som følger reglane for små føretak)
- eventuell berekraftsrapportering
- kontantstaumoppstilling (gjeld ikkje dei som følger reglane for små føretak)
- eventuell revisjonsmelding
Kunngjeringa om godkjent årsrekneskap inneheld alltid opplysningar om:
- verksemda sitt namn
- organisasjonsform
- forretningsadresse
- dato for mottak av årsrekneskapen
- rekneskapsperioden
- verksemda har vore registrert som morselskap i konsern
Mellombalansar skal sendast til Rekneskapsregisteret når verksemda gjer enkelte avgjerder. Rekneskapsregisteret registrerer og kunngjer godkjente mellombalansar.
Kunngjeringa skjer normalt dagen etter at Rekneskapsregisteret har godkjent mellombalansen.
Kunngjeringa om godkjent mellombalanse inneheld alltid opplysningar om namnet til verksemda, organisasjonsform, organisasjonsnummer og forretningsadresse. I tillegg inneheld ho dato for når Rekneskapsregisteret fekk mellombalansen, balansedato og når han blei fastsett av generalforsamlinga.
Innsendingspliktige føretak som ikkje har sendt komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret innan seks månader etter fristen, får melding i Altinn med frist på ein månad for å sende han. Dette gjeld følgande føretak:
- aksjeselskap
- allmennaksjeselskap
- bustadbyggelag
- samvirkeføretak
- europeiske selskap
Dersom vi ikkje har fått komplett årsrekneskap før utgangen av den nye fristen, kunngjer vi dette på www.brreg.no. I kunngjeringa får føretaket ein siste frist på fire veker før vi informerer tingretten.
Les mer om innsendingsplikt til Rekneskapsregisteret.