Roller i foreininga eller laget
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Dagleg leiar, rekneskapsførar, revisor, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.
Kontaktperson skal berre registrerast dersom verksemda ikkje har fysiske personar i nokre av desse rollene:
- styre (inkl. vara)
- dagleg leiarreller
- forretningsførar
Verksemder som har fysiske personar i nokre av desse rollene har ikkje rett til å registrere kontaktperson.
Vi registrerer ikkje alle medlemmene i foreininga. Dette må foreininga sjølv ha oversikt over.
Dersom foreininga har eit styre, må du oppgi kven som er styret sine medlemmer. Det er berre rollene styreleiar, styremedlem og varamedlem som kan registrerast.
Er medlemmer av styret valde til roller som ikkje kan registrerast i Brønøysundregistera, eksempelvis nestleiar, kasserar, økonomiansvarleg og sekretær, må desse personane meldast inn som styremedlemmer.
Val av styremedlemmer
Styret er dei som skal leie foreininga mellom to årsmøte, og blir normalt vald på eit årsmøte. Som oftast vil det gå fram av vedtektene kor mange styremedlemmer foreininga skal ha, kva roller som inngår i styret og kva oppgåver og ansvar styret har.
Styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Ingen vedlegg, men du dokumenterer styrevalet ved å erklære at:
- styret er gyldig valt av foreninga sitt årsmøte eller anna komptent organ
- det finst ein protokoll som viser siste valte styre og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøvar og krevje å få protokollen tilsendt, både under utfyllinga av skjemaet og på eit seinare tidspunkt.
Umyndige styremedlemmer i foreininger
Det er lov å registrere mindreårige med roller i styret. Er barnet under 12 år må den føresette legge med ei erklæring om at barnet har nådd eit visst alders- og mognadsnivå.
Det er viktig at foreininga i samarbeid med dei føresette lagar klare reglar for korleis rutinene om val av mindreårige styremedlemmer skal vere.
Foreininga kan velje om dei skal ha rekneskapsførar.
Registrering av rekneskapsførar
Dersom foreininga nyttar autorisert rekneskapsførar, skal denne rekneskapsføraren registrerast i Einingsregisteret, eller i Føretaksregisteret dersom foreininga er registrert der.
Rekneskapsførar må stadfeste at han tar på seg oppdraget ved å signere Samordna registermelding.
Skal du melde rekneskapsførar og foreininga er registrert i Føretaksregisteret, må du legge ved dokumentasjon som viser at meld rekneskapsførar er engasjert, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Dersom foreininga har revisor, skal dette registrerast hos oss.
Foreininga har plikt til å ha revisor dersom dei har
- eit gjennomsnittleg tal på tilsette tilsvarande ti årsverk eller meir
- balansesum som er 27 millionar kroner eller meir
- driftsinntekter for si samla verksemd på 7 millionar kroner eller meir
Vi registrerer berre revisorar eller revisjonsføretak som er registrert i Revisorregisteret hos Finanstilsynet.
Revisor må stadfeste i Samordna registermelding at hen tar på seg oppdraget.
Skal du melde revisor, og foreininga er registrert i Føretaksregisteret, må du legge ved:
- protokoll frå årsmøtet
Kontaktperson skal berre registrerast dersom verksemda ikkje har fysiske personar i nokon av desse rollene:
- styre
- varamedlem
- dagleg leiar eller
- forretningsførar
Verksemder som har fysiske personar i nokon av desse rollene, har ikkje rett til å registrere kontaktperson.
Spesielt for dagleg leiar, legg ved
- protokoll som viser avgjerd om at dagleg leiar er tilsett, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
- erklæring frå dagleg leiar om at hen tar på seg vervet
Signatur er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av foreininga i alle samanhengar. Signatur gir for eksempel rett til å ta opp lån, kjøpe eller selje fast eigedom på vegne av foreininga.
Dersom ikkje anna er bestemt i vedtektene, er det styret i foreininga som har signatur i fellesskap. Styret kan kan i tillegg tildele signaturretten til enkelte styremedlemmer, dagleg leiar eller til namngivne personar, kvar for seg eller i fellesskap.
Dersom fleire har signaturrett, må du presisere om dei har retten kvar for seg eller i fellesskap.
Når du skal registrere signatur, må du legge ved protokoll frå årsmøtet eller styremøtet som viser tildeling av signatur, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av foreininga i det meste som angår drifta. Prokura kan ikkje brukast til å hefte på eller selje foreininga sine faste eigedomar. Ein person som har fått tildelt prokura blir kalla prokurist.
Ei foreining kan gi prokura til ein eller fleire personar. Dersom det er fleire, kan ein velje om dei skal ha fullmakt kvar for seg eller i fellesskap.
Ein person som har prokura kan ikkje overføre det til ein annan person.
Det registrerast berre prokura på næringsdrivande foreiningar.
Når du skal registrere prokura, må du legge ved protokoll frå styremøtet eller årsmøtet som viser tildeling av prokura, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.