Registreringsplikt i Føretaksregisteret
Sist oppdatert: 1. april 2022.
Om du driv med næringsverksemd, men ikkje oppfyller kriteria nedanfor, har du ikkje plikt til å registrere enkeltpersonføretaket i Føretaksregisteret.
Du kan likevel registere føretaket i dette registeret om du ønskjer det. Ei slik registrering vil blant anna gi føretaket ein firmaattest. Registreringa vil medføre gebyr.
Du har plikt til å registrere enkeltpersonføretaket ditt i Føretaksregisteret dersom du
- driv handel med varer som er innkjøpt for vidare sal
- har fleire enn fem tilsette i stilling kor dei jobbar meir enn 20 timar per veke
- skal ta pant i varelager, motorvogner og anna der det krevst at pantsettar er næringsdrivande, eller
- skal drive som statsautorisert revisor i eige namn
Alle enkeltpersonføretak kan registrere seg i Einingsregisteret, og får da eit organisasjonsnummer. Registrering i Einingsregisteret er gratis.