Korleis sjekke status på saka di
Sist oppdatert: 8. oktober 2026.
Det er først når alle som skal signere i skjemaet, har signert det, at vi mottar saka di.
Dersom du ikkje har fått beskjed frå oss om at vi har mottatt meldinga di, kan du sjekke om alle har signert. Det er berre du som har sendt inn skjemaet som kan sjekke dette.
Det er litt ulik framgangsmåte for å kunne sjekke om alle har signert i skjemaet, basert på kva organisasjonsform du har.
- Logg deg inn i Altinn og gå til meldingsboksen din
- Vel mappa Utkast
- Opne skjemaet du skal sjekke om alle har signert i
- Klikk på boksen Gå til skjemautfylling, og du kjem til statussida som viser kven som har signert, og ikkje signert, i skjemaet
- Klikk på boksen Tilbake til Altinn innboks, for å gå ut av statussida for signering
Når alle som skal signere har vore inne og signert i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret, blir skjemaet sendt til oss.
Du som har sendt inn skjemaet får varsel når vi har mottatt det og når saka er ferdigbehandla hos oss.
- Logg inn i Altinn og gå til din personlege innboks
- Opne skjemaet Samordna registermelding, som du har fylt ut og sendt til signering
- Klikk på lenken Opne skjemaet, og du kjem til statussida som viser kven som har, eventuelt ikkje har, signert i skjemaet
- Klikk på boksen Gå til innboksen, for å gå ut av statussida
Når alle som skal signere har vore inne og signert i skjemaet Samordna registermelding, blir skjemaet sendt til oss.
Du som har sendt inn skjemaet får varsel når vi har mottatt det og når saken er ferdig behandla hos oss.
På sida Når blir saka mi behandla? kan du sjå kva dato vi er komen til i saksbehandlingskøen.