Endre opplysningar for eit tingsrettsleg sameige
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Hvis du ønsker å gjøre endringer på den informasjon som er registrert på et tingsrettslig sameie, må du sende inn Samordnet registermelding.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding. Du kan velje om du vil endre forretningsadresse eller postadresse.
Ønsker du at sameiget berre skal vere registrert med ei postadresse hos oss, må du hugse å fjerne gammal forretningsadresse i skjemaet.
Vil du bruke adressa til ein av sameigarane som sameiget si adresse, må du bruke c/o. adresse. Sjå eksempelet under:
Sameiet Sommerro
c/o Kari Nordmann
Utsikten 54
8908 Brønnøysund
Når sameiget har fått ny dagleg leiar eller forretningsførar, skal du sende inn dei nye opplysningane i Samordna registermelding.
Kontaktperson skal berre registrerast når ingen andre fysiske roller finst i verksemda.
Spesielt for dagleg leiar, legg ved:
- protokoll som viser avgjerd om at dagleg leder er tilsett, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
- erklæring frå dagleg leiar om at hen tar på seg vervet
Når sameiget har valt nytt styre, skal du sende inn Samordna registermelding.
Hugs å ha etternamn og fødselsnummer på styremedlemmene og varamedlemmene tilgjengeleg før du startar.
Hugs å melde samtlege styremedlemmer og varamedlemmer i skjemaet.
Det er ikkje krav om vedlegg, du dokumenterer styrevalet ved å erklære i skjema at:
- styret er gyldig valt av sameigarmøtet eller årsmøtet
- det finst ein protokoll som viser siste valte styre og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt, både under utfyllinga av skjemaet og på eit seinare tidspunkt.
Nyvalde styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet ved å signere Samordna registermelding.
Når sameiget endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding.
Du må legge ved
- samstemmig avtale mellom sameigarane
eller
- vedtekter som er samstemmig vedtekne
Det må gå tydeleg fram av dokumentasjonen at signatur er tildelt, og om den er gitt i fellesskap eller kvar for seg.
Alle rolleinnehavarar kan melde i frå om at dei har trekt seg frå verva sine. Når du melder dette, gir du avkall på alle rettar og pliktar som rolla di har. Du gjer dette i Samordna registermelding i Altinn. Når dte er registrert at du har trekt deg, vil du og sameiget bli varsla om dette.