Roller i samvirkeføretak
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Pliktige roller i eit samvirkeføretak er medlemmar, styre og dagleg leiar.
Føretaket skal i utgangspunktet også ha dagleg leiar. Rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.
Føretaket har revisorplikt på visse vilkår. Dette kan du lese meir om under revisor.
Årsmøtet er øvste myndigheit i eit samvirkeføretak.
Eit samvirkeføretak skal som hovudregel ha dagleg leiar.
Styret tilset dagleg leiar, dersom det ikkje går fram av vedtektene at eit anna vedtektsfesta organ skal gjere det. Dersom føretaket skal ha fleire daglege leiarar eller ingen dagleg leiar, må dette gå fram av vedtektene.
Dagleg leiar skal være busett i Noreg, ein EU/EØS-stat, Storbritannia, Nord-Irland eller Sveits.
Dagleg leiar må stadfeste at hen tar på seg rolla, ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved protokoll frå styremøtet eller årsmøtet som viser tilsettinga, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Som hovudregel skal styret bestå av minst tre medlemmar. Styret skal ha ein leiar. Årsmøtet vel styre. Styremedlemmene og varamedlemmene må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i Samordna registermelding.
Samvirkeføretaket kan bestemme at styret skal ha to medlemmar, men da må dei velje minst ein varamedlem. Dette må gå fram av vedtektene.
Minst halvparten av medlemmene i styret skal vere busette i Noreg, ein EU/EØS-stat, Storbritannia, Nord-Irland eller Sveits.
Styret er ansvarleg for drift og organisering av samvirkeføretaket.
Kjønnsbalanse
Nokre samvirkeføretak har krav om kjønnsbalanse i styret. Sjekk om dei nye reglane gjeld dykk. Hvis det gjer det, må desse krava vere oppfylt i styret:
- Har styret tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret fem eller seks medlemmer, kan maksimalt tre styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret sju medlemmer, kan maksimalt fire styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret åtte medlemmer, kan maksimalt fem styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret ni eller fleire medlemmer, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn.
Reglane i nr. 1 til 5 gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmer. Styremedlemmer og varamedlemmer må kvar for seg oppfylle desse krava.
Kjønnsbalanse blant dei tilsettvalde
For styremedlemmer som er valde av dei tilsette, medfører reglane om kjønnsbalanse at når det blir vald to eller fleire kan ikkje alle desse ha same kjønn. Det same gjeld for varamedlemmer som er valde av dei tilsette. Har selskapet meir enn 200 tilsette er ikkje dette tilstrekkeleg, da gjeld same forholdstal for styremedlemmer og varamedlemmer som er valde av dei tilsette, som for resten av styret (sjå over). Styremedlemmer og varamedlemmer skal vurderast kvar for seg.
Unntak: Har føretaket 200 eller færre tilsette, og eitt av kjønna utgjer meir enn 80 prosent av dei tilsette i selskapet på det tidspunktet valet skjer, er det ikkje krav om kjønnsbalanse blant styre- og varamedlemmene som er valde av og blant dei tilsette. Føretaket må sjølv dokumentere dette når dei sender inn melding om styreendring.
Når du skal registrere styre, må du legge ved
• protokoll frå årsmøte
Eit samvirkeføretak blir rekneskapspliktig når inntektene overstig 2 millionar, og får plikt til å ha revisor når minst eitt av dei følgande punkta er oppfylte:
- Driftsinntektene overstig 7 millionar kroner
- Balansesummen er 27 millionar kroner eller meir
- Gjennomsnittleg tal på tilsette utgjer ti årsverk eller meir
Revisor må stadfeste i Samordna registermelding at hen tar på seg oppdraget.
Treng du meir informasjon, sjå revisorlova § 2-1.
Når du skal registrere revisor, må du legge ved:
- protokoll frå årsmøtet
Revisor blir vald av årsmøtet.
Revisor må stadfeste at han tar på seg oppdraget.
Treng du meir informasjon, sjå revisorlova § 2-1.
Eit samvirkeføretak kan velje om dei skal ha rekneskapsførar. Dersom føretaket nyttar rekneskapsførar, skal dette registrerast i Føretaksregisteret.
Det er berre mogleg å registrere autoriserte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.
Rekneskapsføraren må stadfeste i Samordna registermelding at han tar på seg oppdraget.
Når du skal registrere rekneskapsførar, må du legge ved dokumentasjon som viser at meld rekneskapsførar er engasjert, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Eit samvirkeføretak må alltid ha minst to medlemmar. Opplysningar om medlemmar skal ikkje registrerast hos oss.
Signatur er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av eininga i alle samanhengar.
Dersom ikkje anna er bestemt i vedtektene, er det styret i føretaket som har signatur i fellesskap. Styret kan tildele signaturretten til eit utval styremedlemmar, til dagleg leiar eller namngitte tilsette.
Signaturretten kan kallast tilbake når som helst.
Når du skal registrere signatur, må du legge ved protokoll frå styremøtet eller årsmøtet som viser tildeling av signatur, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Prokura er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av eininga. Innehavaren av prokura vert kalla prokurist.
Prokura kan ikkje brukast til å hefte eller selje føretaket sin faste eigedom.
Ein person som har prokura kan ikkje overføre han til ein annan person. Eit samvirkeføretak kan gi prokura til ein eller fleire personar. Dersom det er fleire, kan ein velje om dei skal ha fullmakt kvar for seg, eller i fellesskap.
Prokura kan kallast tilbake når som helst.
Når du skal registrere prokura, må du legge ved protokoll frå styremøtet eller årsmøtet som viser tildeling av prokura, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.