Endre opplysningar for eit samvirkeføretak
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Dersom du ønsker å gjere endringar på den informasjonen som er registrert på føretaket, kan du gjere dette ved å sende inn Samordna registermelding.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Ny forretningsadresse
Forretningsadressa til eit samvirkeføretak skal vere ei norsk gateadresse eller eit norsk stadnamn.
Adressa må høyre til den kommunen som står i vedtektene til føretaket. Dersom adressa til føretaket skal flyttast til ein annan kommune, må også vedtektene endrast. Ei slik endring må godkjennast av årsmøtet.
Ved endring til ny kommune må du legge ved
- oppdaterte vedtekter
- protokoll frå årsmøte
Ny postadresse
Du er ikkje nøydd til å melde ei eiga postadresse. Dersom du ønsker posten tilsend til ei anna adresse, kan du melde dette som postadresse.
Når føretaket har vald nytt styre, skal dette meldast i Samordna registermelding i Altinn. Før opp heile styret sånn som det framstår etter valet, inkludert eventuelle varamedlemmer.
Styret blir vald av årsmøtet.
Du må legge ved
- protokoll frå årsmøtet, som viser kven som er valde i det nye styret
Nye styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tek på seg oppdraget. Dette gjer dei ved å signere Samordna registermelding.
Dersom føretaket skal fråvike hovudregelen om å ha minst tre styremedlemmar, må du legge ved vedtekter som viser at dette er vedteke.
Når føretaket endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Du må legge ved
- protokoll frå styremøtet eller årsmøtet som viser tildeling av signatur, dersom heile styre ikkje har signert i skjemaet.
Det må gå tydeleg fram at signatur er tildelt og om den er gitt i fellesskap eller kvar for seg.
Alle rolleinnehavarar kan trekke seg frå si eiga rolle. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har. Du gjer dette i Samordna registermelding i Altinn. Når vi har registrert dette, blir rolla di bli merka som avregistrert. Både samvirkeføretaket og du blir varsla.
Når selskapet tilset dagleg leiar, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Dagleg leiar må stadfeste at hen tar på seg rolla, ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved protokoll frå styremøtet som viser tilsettinga, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.