Sletting av eigarseksjonssameige
Sist oppdatert: 2. juni 2026.
Eit eigarseksjonssameige blir sletta direkte, utan oppløsying.
Dette vil seie at du berre sender inn ei melding om sletting.
Det er ingen krav til vedlegg, du dokumenterer slettinga ved å erklære i skjemaet at sameiget:
- er opphøyrt, og at det finst eit gyldig vedtak frå årsmøtet
eller
- skal fortsette å eksistere etter slettinga frå Einingsregisteret (treng ikkje vedtak frå årsmøtet eller tilsvarande)
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Kan du ikkje bruke digitalt skjema?
Du kan laste ned skjemaet (PDF), fylle det ut og sende det i posten. Det kan ta vesentleg lengre tid å behandle saker som blir sende i posten.