Sletting av bustadbyggelag
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Sletting av bustadbyggelag melder du i to trinn.
Først melder du oppløysing. Når kreditorfristen på seks veker er ute, kan du melde sletting.
Når du melder oppløysing kunngjer vi eit kreditorvarsel som oppmodar kreditorar til å melde krava sine til avviklingsstyret sin leiar.
Vedtak om oppløysing skal fattast av to påfølgande generalforsamlingar med minst fire vekers mellomrom. Den eine skal vere ei ordinær generalforsamling. Generalforsamlinga skal også velje eit avviklingsstyre. Avviklingsstyret trer inn for styret og dagleg leiar. Nye styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved
- protokoll frå begge generalforsamlingane som viser avgjersla om oppløysing og val av avviklingsstyre
Etter at kreditorfristen på seks veker er ute og utdelinga er avslutta, skal revidert oppgjer bli lagt fram for generalforsamlinga. Når oppgjeret er godkjent, slettar du bustadbyggelaget hos oss.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamling der det går fram at revidert oppgjer har blitt lagt fram og godkjent.
Generalforsamlinga kan gjere om vedtak om oppløysing om minst halvparten av andelseigarane stemmer for, og deling eller utbetaling til andelseigarane ikkje har skjedd.
Du må raskt melde omgjeringa til Føretaksregisteret.
Ved omgjering må generalforsamlinga også velje ordinært styre, og revisor om dette manglar. Da må revisor og nye styremedlemmer og varamedlemmer stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Du må også melde ny dagleg leiar, sidan bustadbyggelaget ikkje har denne rolla mens det er under oppløysing. Dagleg leiar må stadfeste at hen tar på seg rolla, ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser vedtak om omgjering av oppløysing, og val av styre og eventuelt revisor
- eventuelt protokoll frå styremøtet eller generalforsamlinga, som viser vedtak om tilsetting av dagleg leiar, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet