Endre opplysningar for eit ansvarleg selskap
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Dersom du ønsker å registrere ny informasjon på selskapet ditt, finn du framgangsmåte for ulike endringar her.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Ny forretningsadresse
Forretningsadressa til eit ansvarleg selskap skal vere ei norsk gateadresse eller eit norsk stadnamn.
Ved endring av adresse til ny kommune, må du lage ein ny selskapsavtale. Dersom selskapsavtalen ikkje er skriven under av alle deltakarane etter endringa, må selskapsmøtet godkjenne endringa.
Ved endring til ny kommune må du legge ved
- oppdatert selskapsavtale
- protokoll frå selskapsmøtet dersom ikkje alle deltakarane har skrive under selskapsavtalen
Ny postadresse
Du er ikkje nøydd til å melde ei eiga postadresse. Dersom du ønsker posten send til ei anna adresse, kan du melde dette som postadresse.
Du registrerer endringar av deltakarar ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Du må oppdatere selskapsavtalen. Dersom selskapsavtalen ikkje er skriven under av alle deltakarane etter endringa, må selskapsmøtet godkjenne endringa.
Alle deltakarane, både eksisterande og nye, må stadfeste at deltakarendringa skjer med deira samtykke. Dei gjer dette ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved
- oppdatert selskapsavtale
- protokoll frå selskapsmøtet, dersom ikkje alle deltakarane har skrive under selskapsavtalen
- erklæring frå deltakarane som fråtrer selskapet, der dei samtykker i at fråtredinga vert registrert i Føretaksregisteret
Du registrerer nytt styre ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Før opp heile styret sånn som det framstår etter valet, inkludert eventuelle varamedlemmer.
Styret blir valt av selskapsmøtet. Nye styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved
- protokoll frå selskapsmøtet som viser vedtaket
Du registrerer nytt namn ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn. Du må lage ein ny selskapsavtale.
Dersom selskapsavtalen ikkje er skriven under av alle deltakarane etter endringa, må selskapsmøtet godkjenne endringa.
Du må legge ved
- oppdatert selskapsavtale
- protokoll frå selskapsmøtet, dersom ikkje alle deltakarane har skrive under selskapsavtalen
På sida Korleis vel eg namn på selskapet mitt? kan du lese meir om val av namn og kva omsyn du må ta.
Alle rolleinnehavarar kan trekke seg frå si eiga rolle. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har. Du gjer dette i Samordna registermelding i Altinn. Når vi har registrert dette, blir rolla di merka som avregistrert. Både selskapet og du blir varsla.
Når selskapet endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Du må legge ved
- protokoll frå selskapsmøtet eller selskapsavtale som er underteikna av alle deltakarane, som viser tildeling av signatur, dersom ikkje samtlege deltakarar har signert i skjemaet
Det må gå tydeleg fram av protokollen at signatur er tildelt og om den er gitt i fellesskap eller kvar for seg.
Du kan ikkje registrere direkte omdanning frå ansvarleg selskap til aksjeselskap. Du må derfor
- registrere det nye aksjeselskapet
- slette det ansvarlege selskapet
For at omdanninga skal kunne vere skattefri, må aksjeselskapet vere stifta og melding om dette sendt til Føretaksregisteret i løpet av tidsrommet mellom 1.januar og utgangen av juni i inntektsåret, og det må vere gjennomført skattetrekk og utrekna arbeidsgivaravgift seinast frå 1. juli. Les meir om skattefri omdanning under Starte og drive bedrift i Altinn.
Når selskapet tilsetter dagleg leder, skal du melde dette i Samordnet registermelding i Altinn.
Dagleg leiar må stadfeste at hen tar på seg rolla, ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved protokoll frå selskapsmøtet som viser tilsettinga, dersom ikkje samtlege deltakarar har signert i skjemaet.
