Vedleggskrav for aksjeselskap
Sist oppdatert: 6. november 2021.
Når du skal registrere eit aksjeselskap må du sende inn fleire dokument.
Dokument du alltid må legge ved når du skal registrere eit selskap er
- stiftelsesdokument med vedtekter
- erklæring frå revisor eller finansinstitusjon som viser innbetalinga av aksjeinnskotet
Ved tingsinnskot (andre eigedelar enn pengar) må du legge ved
- utgreiing som er skriven under av stiftarane og stadfesta av revisor
Hugs viljeserklæringar frå dei som har roller i selskapet
Styremedlemmar må stadfeste at dei tek på seg vervet. Dersom selskapet skal ha revisor og/eller rekneskapsførar, må du legge ved erklæring frå dei.
Det må utarbeidast eigne viljeserklæringar som vert signerte og lagde ved, men for styremedlemmar og rekneskapsførar er det tilstrekkeleg dersom dei signerer Samordna registermelding.
I nokre tilfelle må du legge ved desse vedlegga:
- styreprotokoll som viser eventuell avgjerd om at årsrekneskapen til selskapet ikkje skal reviderast avgjerd om at årsrekneskapen til selskapet ikkje skal reviderast
- avtale om særskilde rettar, jf. aksjelova § 2-4
- avtale om stiftelsesutgifter, jf. aksjelova § 2-5
- godkjenning/konsesjon frå Finanstilsynet, dersom selskapet har bank- eller forsikringsverksemd som formål