Auke av aksjekapital
Sist oppdatert: 14. oktober 2025.
Aksjekapitalen i eit selskap kan aukast ved nyteikning av aksjar eller ved at selskapet sine eigne midlar blir overførte frå fri eigenkapital (fondsemisjon).
Slik går du fram for å registrere auke av aksjekapitalen:
Styret presenterer eit forslag til generalforsamlinga om at kapitalen skal aukast med eit bestemt beløp.
Aksjekapitalen sin størrelse og verdi er alltid bestemt i selskapet sine vedtekter. Derfor skal styret samtidig legge fram eit forslag til vedtektsendring.
Styret foreslår også om kapitalauken skal skje ved:
- overføring av fondsmidlar
- konvertering av gjeld
- innskot i pengar eller eigedelar
Styret må ta stilling til om det skal skrivast ut nye aksjar eller om dei eksisterande aksjane skal få høgare pålydande verdi.
Etter avgjerda vedtar generalforsamlinga nye vedtekter.
Dersom styret har fått fullmakt frå generalforsamlinga, kan det vedta kapitalauke og oppdatere vedtektene knytte til auken.
Fullmakta må vere registrert i Føretaksregisteret før styret kan vedta kapitalauke på bakgrunn av denne.
Hugs å krysse av for «Bruk av fullmakt» i Samordna registermelding.
Kapitalauke ved nyteikning
- beløpet aksjekapitalen skal aukast med, eller eventuelt øvre og nedre grense for auken
- aksjen sin pålydande
- beløpet som skal betalast for kvar aksje
- kven som kan teikne dei nye aksjane
- teikningsfrist
- betalingsfrist
- utbytterett
- kven som skal dekke utgiftene
- om kapitalen blir auka gjennom
- teikning av nye aksjar
- konvertering av gjeld (motrekning)
- andre eigedelar enn penger (tingsinnskot)
Les meir om kapitalauke ved nyteikning av aksjar (lovdata.no).
Kapitalauke ved fondsemisjon
Vedtaket skal minst innehalde beløpet som aksjekapitalen skal aukast med og om det gjeld auke av aksjen sin pålydande eller om det skal skrivast ut nye aksjar.
Dersom det blir skriven ut nye aksjar, skal aksjonærane få aksjar i same forhold som dei eig frå før. Det kan aldri bli avtalt at berre nokre aksjeeigarar skal få nye aksjar gjennom ein fondsemisjon.
Les meir om kapitalauke ved fondsemisjon i aksjelova (lovdata.no).
Kapitalauken må meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at teikingsfristen er over, elles fell vedtaket bort.
Teikningsfristen kan maksimalt bli sett til tre månader etter generalforsamlinga si avgjerd.
Ved fondsemisjon, gjeld ikkje tremånadersfristen.
I same skjema
- legg inn beløpet aksjekapitalen til saman skal aukast med og vedtektsdato for siste auke.
I ulike skjema
- dersom du ønsker at kapitalaukane skal registrerast kvar for seg, må du vente til kvar melding er ferdig registrert før du oppretter ei ny.
Det må leggast ved dokumentasjon for kvar kapitalauke, men berre siste sett med vedtekter.
- protokoll frå generalforsamlinga som viser avgjerd om kapitalauke og endring av vedtekter (protokoll frå styremøte dersom styret gjer bruk av fullmakt)
- oppdaterte vedtekter
- erklæring frå revisor, finansinstitusjon, advokat eller rekneskapsførar som viser innbetaling av aksjeinnskotet (gjeld ikkje ved fondsemisjon)
Ved tingsinnskot eller ved konvertering av gjeld, må du i tillegg legge ved
- utgreiing som er datert og underskriven av heile styret og stadfesta av revisor
- tidspunktet for verdisetting kan tidlegast vere fire veker før generalforsamlinga si avgjerd
- mottatt aksjeinnskot/oppgjer ved motrekning kan berre bli stadfesta av revisor
Aksjeeigarboka med eventuelle nye opplysningar om aksjefordeling må oppdaterast.
Stadfestinga av mottatt aksjeinnskot – Brønnøysundregistera
