Registrering i Frivilligregisteret

Sist oppdatert: 28. mai 2018 .

For å bli registrert i Frivilligregisteret, må de først vere registrert i Einingsregisteret. Her kan du registrere i begge registera samtidig.

Ingen organisasjonar har plikt til å registrere seg i Frivilligregisteret. Alle organisasjonar som  fyller vilkåra har rett til å registrere seg.

Dersom du ønsker å registrere ein organisasjon i Frivilligregisteret, kan du gjere det ved å sende inn Samordna registermelding.

Kvifor registrere i Frivilligregisteret?

Foreiningar og organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret, kan

  • delta i Grasrotdelen, som er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi ein prosentdel av innsatsbeløpet direkte til ein frivillig organisasjon
  • søke om momskompensasjon, det vil seie at dei kan søke om å få kompensasjon for moms dei har betalt ved kjøp av varer og tenester

Det kan også vere offentlege eller private ordningar for tilskot som føreset registrering i Frivilligregisteret.

Å registrere seg i Frivilligregisteret er gratis. Det er heller ikkje noko årsavgift for å stå registrert her.

Kven kan registrere seg i Frivilligregisteret?

Eininga må drive frivillig verksemd for å kunne bli registrert i Frivilligregisteret. Det er berre foreiningar, stiftelsar eller aksjeselskap som kan registrerast. Eininga kan ikkje dele ut midlar til fysiske personar. Eininga må ha eit styre.

Det er eit krav at eininga er registrert i Einingsregisteret. Registreringane kan du gjere samtidig.

Aktivitetar som ikkje er basert på forteneste blir rekna som frivillig verksemd

Frivillig verksemd blir driven av

  • Ikkje-økonomiske (ideelle) foreiningar
  • Alminnelege stiftelsar som ikkje deler ut midlar, eller som berre gjennomfører utdelingar til frivillig verksemd
  • Næringsdrivande stiftelsar som berre gjennomfører utdelingar til frivillig verksemd
  • Aksjeselskap som berre gjennomfører utdelingar til frivillig verksemd

 

Aktivitetar som ikkje reknast som frivillig verksemd er mellom anna

  • Aktivitetar organisert av det offentlege
  • Aktivitetar basert på samvirkeprinsipp og som blir omfatta av samvirkeloven
Korleis går eg fram for å registrere i Frivilligregisteret?

Eininga må vere registrert i Einingsregisteret før ho kan bli registrert i Frivilligregisteret. Du kan registrere i begge registera samtidig.

Elektronisk registrering

Den raskaste måten å registrere på er å bruke Samordna registermelding.

I den elektroniske løysinga må du ha dokumentasjonen tilgjengeleg enten som elektroniske dokument eller skanna dokument.

Skjema til nedlasting

Om du ønsker å sende skjema og dokumentasjon til oss per post, finn du skjema til nedlasting i skjemakatalogen vår.

Ja eller nei til registrering av vedtekter

De er pliktige til å sende inn vedtektene for å få registrert dykk i Frivilligregisteret, men det er frivillig for foreiningar å registrere vedtektene. Om foreininga vel å registrere vedtektene sine, pliktar dei samtidig å sende inn vedtektene kvar gong dei blir endra.

Om vedtektene skal registrerast, må dei minst innehalde desse opplysningane om foreininga:

  • namn
  • formål
  • årsmøte
  • styre og val av styre
  • endringar av vedtekter
  • opphøyr
Kategori for aktivitet

Eininga skal gi opplysing om kategori eller aktivitetsområde som passar for den aktiviteten eininga driv.  Sjå eigen tabell med tilgjengelege kategoriar.

Dokument du må legge ved for registrering i Frivilligregisteret

Dokument du må legge ved om de er registrerte i Einingsregisteret og skal registrere dykk i Frivilligregisteret er

  • vedtekter
  • protokoll som viser val av styre dersom dette ikkje er registrert frå før

Dokument du må legge ved dersom de skal registrere dykk både i Einingsregisteret og Frivilligregisteret er

  • vedtekter
  • stiftingsdokument som viser at de er oppretta/stifta
  • årsmøteprotokoll/dokumentasjon som viser val av styre
Må du registrere rekneskapsopplysningar?

Det er frivillig for dei aller fleste foreningar som ikkje er næringsdrivande å registrere rekneskapsopplysningar

Om de vel å registrere slike opplysningar, vil de ha plikt til å sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret kvart år.

Krava som blir stilte til årsrekneskapen som skal sendast inn, er annleis og enklare enn krava som er stilte i rekneskapsloven. Nærmare opplysningar om desse reglane finn du i forskrift om register for frivillig verksemd.

Om foreninga vel å ta på seg innsendingsplikt for årsrekneskap, må du skrive dato for avslutning av rekneskapsår.

Ver merksam på at foreningar som har allmenn  rekneskapsplikt etter rekneskapsloven og stiftingar og aksjeselskap ikkje kan nytte seg av desse særreglane. Dei skal sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret etter dei ordinære reglane.

Kven skal registrere tilknytingar?

Berre sentralledd i frivillige organisasjonar med fleire organisasjonsledd (regionalledd og/eller lokalledd) skal melde tilknytingar til Frivilligregisteret. Det vil seie at ein frivillig organisasjon som er sentralledd i organisasjonen, skal registrere dei organisatoriske tilknytingane han har til andre lokalledd og regionalledd i organisasjonen sin.

Rettleiing for tilknytingar mellom einingar i Frivilligregisteret

Grasrotdelen

Når foreininga di søker om å bli registrert i Frivilligregisteret, kan de også søke om å ta del i grasrotordninga, om vilkåra for deltaking i forskrift for grasrotdelen er oppfylt.

Her kan du lese meir om Grasrotdelen.