Registrering i Frivilligregisteret
Sist oppdatert: 16. oktober 2025.
Alle organisasjonar som fyller vilkåra har rett til å registrere seg og det er gratis.
Organisasjonen må vere registrert i Einingsregisteret før han kan bli registrert i Frivilligregisteret.
Kvifor registrere i Frivilligregisteret?
Organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret, kan
- søke om å delta i Grasrotandelen til Norsk Tipping
 - søke om momskompensasjon – få betalt tilbake moms dei har betalt ved kjøp av varer og tenester
 
Mange offentlege og private tilskotsordningar føreset registrering i Frivilligregisteret.
Kven kan registrere seg i Frivilligregisteret?
Krava for å kunne registrere foreininga i Frivilligregisteret
- Foreininga må vere registrert i Einingsregisteret med eit styre
 - Foreininga kan ikkje ha fleirtal av styremedlemmer som er valde til rolla i kraft av offentlege verv.
 - Det er berre foreiningar som ikkje er fortenestebasert som har rett til å registrere seg.
- Foreininga kan ikkje dele ut pengar til privatpersonar
 
 - De må legge med vedtektene for å få registrert dykk i Frivilligregisteret, men det er frivillig å registrere dei.
 
Dersom de vel å registrere vedtektene, må de:
- sende inn oppdaterte vedtekter til Frivilligregisteret kvar gong dei blir endra
 
Krav til vedtektene som skal registrerast
Vedtektene må innehalde opplysningar om foreininga sitt:
- namn
 - formål
 - årsmøte
 - styre og val til styre
 - vedtektsendringar
 - opphøyr
 
Eksempel på mal for å lage vedtekter for foreiningar (PDF)
Foreiningar kan ta på seg frivillig innsendingsplikt av rekneskapsopplysningar
Det er frivillig for dei aller fleste foreiningar som ikkje er næringsdrivande å sende inn rekneskapsopplysningar til Rekneskapsregisteret.
Vel de å ta på dykk frivillig innsendingsplikt, må de registrere dette i Frivilligregisteret. Rekneskapen må de sende til Rekneskapsregisteret kvart år.
Det er eigne krav til rekneskapsopplysningar for foreiningar. Meir informasjon om desse reglene finn du på lovdata.no, i forskrift om register for frivillig virksomhet, kap. 6.
Dersom foreininga vel innsendingsplikt for rekneskapsopplysningar, må de oppgi dato for avslutning av rekneskapsåret.
Krava for å kunne registrere stiftelsen i Frivilligregisteret
- Stiftelsen må vere registrert i Einingsregisteret med eit styre
 - Styret kan ikkje ha fleirtal av personar som er valde til rolla i kraft av offentlege verv
 - Ved registrering i Frivilligregisteret må de sende inn vedtektene.
 
Alminnelege stiftelsar:
- Det er berre alminnelege stiftelsar som ikkje føretar utdelingar, eller som utelukkande føretar utdelingar til frivillig verksemd, som har rett til å registrere seg i Frivilligregisteret.
 
Næringsdrivande stiftelsar:
- Det er berre næringsdrivande stiftelsar som utelukkande føretar utdelingar til frivillig verksemd som har rett til å registrere seg i Frivilligregisteret.
 
Dersom stiftelsen føretar utdelingar kan han ikkje dele ut pengar til privatpersonar eller aktørar som sjølv ikkje har rett til å registrere seg i Frivilligregisteret. Midlane kan ikkje brukast til privat økonomisk vinning.
Krava for å kunne registrere aksjeselskapet i Frivilligregisteret
- Det er berre aksjeselskap som berre føretar utdelingar til frivillig verksemd som har rett til å registrere seg i Frivilligregisteret
 - Aksjeselskapet må vere registrert i Føretaksregisteret med eit styre
 - Styret kan ikkje ha fleirtal av personar som er der i kraft av eit offentleg verv
 - Fleirtalet av aksjane kan ikkje vere eigde av det offentlege
 - Ved registrering i Frivilligregisteret må de sende inn vedtektene
 
Dersom aksjeselskapet føretar utdelingar kan det ikkje dele ut pengar til privatpersonar eller aktørar som sjølv ikkje har rett til å registrere seg i Frivilligregisteret. Midlane kan ikkje brukast til privat økonomisk vinning.
Du må registrere:
Organisasjonen skal gi opplysing om kategori eller aktivitetsområde som passar den aktiviteten organisasjonen driv.
Det er valfritt å registrere kontonummer, men dersom de skal vere med i grasrotandelen må de registrere kontonummeret til verksemda i Frivilligregisteret.
Når verksemda di søker om å bli registrert i Frivilligregisteret, kan de også søke om å ta del i grasrotandelen, om vilkåra for deltaking i forskrift for grasrotandelen er oppfylte.
Det er også mogleg å søke deltaking i grasrotandelen i ettertid.
Berre sentralledd i frivillige organisasjonar med fleire regionalledd og/eller lokalledd skal melde tilknytingar til Frivilligregisteret. Det vil seie at ein frivillig organisasjon, som er sentralledd i organisasjonen, skal registrere dei organisatoriske forbindelsane den har til andre lokalledd og regionalledd i organisasjonen sin.
Rettleiing til korleis du melder tilknytingar i Frivilligregisteret.
Den raskaste måten å registrere seg på, er å bruke det elektroniske skjemaet vårt.
Dersom du ønsker å sende skjema og dokumentasjon til oss per post, finn du skjemaet til nedlastning i skjemakatalogen vår.