Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Endre eigar av enkeltpersonføretak

Sist oppdatert: 7. juli 2020 .

Eit enkeltpersonføretak kan ikkje overdragast frå ein innehavar til ein annan.

Grunnen til dette er at innehavar er identifisert gjennom føretaket sitt, og har fullt personleg ansvar for gjeld og plikter føretaket har.

Det er berre ved uskifte eit enkeltpersonføretak kan skifte innehavar.

Organisasjonsnummeret følger enkeltpersonføretaket og innehavaren til dette blir sletta.

Overføring av aktivitet

Du kan som hovudregel ikkje overføre enkeltpersonføretaket til ein annan innehavar, men du kan overføre aktiviteten føretaket driv til eit anna føretak.

Overføring av aktivitet gjer du ved å melde overføring av aktivitet til eit anna føretak. Eventuelt kan den som skal overta aktiviteten melde overtaking.

Her kan du sjå korleis du registrerer endringar for enkeltpersonføretaket ditt.

Uskifte

Attlevande ektefelle i uskifte kan tre inn som ny innehavar i enkeltpersonføretak etter ektefellen sin. Enkeltpersonføretaket vil då behalde det same organisasjonsnummeret.

Ved skifte av innehavar ved uskifte, skal namnet til den nye innehavaren registrerast i føretaksnamnet. Attlevande ektefelle har høve til å behalde det opphavlege namnet på enkeltpersonføretaket. Namn på ny innehavar blir då registrert i tillegg.

Vedlegg ved registrering:

  • uskifteattest