Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Verksemd/undereining

Sist oppdatert: 12. mars 2019 .

Hovudeining

Samleomgrep for selskap, foreiningar, personar og anna som er registrert i Einingsregisteret.

Verksemd (undereining)

Den aktiviteten hovudeininga driv. Ei hovudeining kan ha ei eller fleire verksemder. Verksemdene er ikkje sjølvstendige. Dei vil alltid vere knytt opp mot ei hovudeining.

Hovudreglar

Alle hovudeiningar som driv næringsverksemd og/eller har tilsette, skal ha minst ei verksemd registrert. Ved nyregistrering får derfor dei fleste hovudeiningane to eller fleire organisasjonsnummer; eitt for sjølve hovudeininga og eitt for verksemda.

Organisasjonsnummeret til verksemda skal brukast

  • ved rapportering av tilsette til Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret via A-ordninga, og
  • når Statistisk sentralbyrå etterspør opplysningar til statistiske forhold

Det er Statistisk sentralbyrå som avgjer kva verksemder som skal registrerast, og klassifisering av dei. Registrering og klassifisering skjer etter standard som følger internasjonale statistikknormer. Ei hovudeining kan verken nekte eller krevje slik registrering.

Registrering av fleire verksemder

Det skal registrerast fleire verksemder dersom eitt av følgande vilkår er oppfylt:

  • Det blir drive næringsverksemd i forskjellige bransjar. Kvar bransje må sysselsette minst fem personar
  • Det blir drive næringsverksemd med tilsette på fleire geografiske stader.

Forskjellige bransjar
Med forskjellige bransjar betyr det at aktivitetane fell inn under forskjellige næringskodar etter Standard for næringsgruppering (SN2007)

Aktivitetar som blir utførte berre for å betene dei primære aktivitetane til hovudeininga, skal ikkje registrerast som ei eiga verksemd. Eksempel på dette kan vere administrasjon, IT-avdeling og sal av eigenproduserte varer. Slike aktivitetar blir berre registrerte som eige verksemd dersom dei går føre seg på ein annan geografisk stad enn der den primære aktiviteten til hovudeininga er.

Fleire geografiske stader
Det blir drive verksemd på fleire geografiske stader når verksemdene er lokaliserte på ulike adresser. Det er ikkje nok å føre opp ulike postadresser for  å få registrert ei verksemd.

For ambulerande verksemd blir berre fast bemanna avdelingskontor og liknande registrerte. Eksempel på dette er bygg- og anleggsarbeid, transport og utleige av arbeidskraft, vikarbyrå.

Offentleg forvaltning
Dei generelle reglane som er gjort greie for ovanfor gjeld også for offentleg forvaltning. Detaljert regelverk for registrering av verksemder i kommunar, fylkeskommunar og helseføretak finn du på www.ssb.no under Innrapportering, Kostra, Veiledning

Kjøp/overtaking og sal/overføring av verksemd

Ei verksemd kan bli kjøpt/ overteken eller seld/overført frå ei hovudeining til ei anna. I slike tilfelle vil verksemda behalde organisasjonsnummeret sitt.

For at ei verksemd skal reknast som kjøpt/overteken eller selt/overført, må følgande vilkår vere oppfylt:

  • Den same verksemda held fram, men med ei anna hovudeining som ny eigar av verksemda
  • Verksemda held fram i den same kommunen som tidlegare
  • Dei nødvendige aktiva som inngår i verksemda må som regel blir overførte under eitt. Eksempel på dette er råvarer, produksjonsutstyr, varelager, kontraktar og tilsette.
Korleis registrerer eg kjøp eller overføring av verksemd?

Om du skal melde kjøp/overtaking eller sal /overføring av ei verksemd, kan du bruke skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Dersom det er fleire verksemder som skal kjøpast/ bli overtekne eller selde/overførte, må du fylle ut papirskjemaet –Samordna registermelding 1b  Tillegg for eining med verksemd på fleire adresser.

Tal på tilsette

Einingsregisteret inneheld opplysning om tal på tilsette for alle arbeidsgivarar som er registrerte i Einingsregisteret. Tal på tilsette er aktive arbeidsforhold registrerte i NAV sitt Aa-register. Alle arbeidsgivarar skal rapportere arbeidsforholda kvar månad i a-meldinga.

Einingar som har tilsette skal ha minst ei verksemd (undereining). Verksemda er identifisert med eit eige organisasjonsnummer som er tilknytt hovedeininga. Tal på tilsette er knytt til ei verksemd og omfattar tal på unike personar som jobbar i verksemda. Om ein person har fleire arbeidsforhold knytt til den same verksemda, blir personen telt berre ein gong.

Opplysninga om tal på tilsette er blant anna tilgjengeleg i tenesta Opne data. Du kan velje om du vil sjå talet på tilsette knytt til ei verksemd eller totalt tal på tilsette på hovudeininga.