Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Undereining

Sist oppdatert: 6. juli 2020 .

Hovudeining

Samleomgrep for selskap, foreiningar, personar og anna som er registrert i Einingsregisteret.

Undereining

Den aktiviteten hovudeininga driv. Ei hovudeining kan ha ei eller fleire undereiningar. Undereiningane er ikkje sjølvstendige. Dei vil alltid vere knytt opp mot ei hovudeining.

Hovudreglar

Alle hovudeiningar som driv næringsverksemd og/eller kan ha tilsette, skal ha minst ei undereining registrert. Ved nyregistrering får derfor dei fleste hovudeiningane to eller fleire organisasjonsnummer; eitt for sjølve hovudeininga og eitt for undereininga.

Organisasjonsnummeret til undereininga skal brukast

  • ved rapportering av tilsette til Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret via A-ordninga
  • for rapportering av løn, honorar og frilans i a-meldinga
  • når Statistisk sentralbyrå etterspør opplysningar til statistiske forhold
  • når det er motteken ei digital sjukemelding

Det er Statistisk sentralbyrå som avgjer kva undereiningar som skal registrerast, og klassifisering av dei. Registrering og klassifisering skjer etter standard som følger internasjonale statistikknormer. Ei hovudeining kan ikkje nekte eller krevje slik registrering.

Registrering av fleire undereiningar

Det skal registrerast fleire undereiningar dersom eitt av følgande vilkår er oppfylt:

  • Det blir drive næringsaktivitet i forskjellige bransjar. Kvar bransje må sysselsette minst fem personar
  • Det blir drive næringsaktivitet med tilsette på fleire geografiske stader.

Forskjellige bransjar
Med forskjellige bransjar betyr det at aktivitetane fell inn under forskjellige næringskodar etter Standard for næringsgruppering (SN2007)

Aktivitetar som blir utførte berre for å betene dei primære aktivitetane til hovudeininga, skal ikkje registrerast som ei eiga undereining. Eksempel på dette kan vere administrasjon, IT-avdeling og sal av eigenproduserte varer. Slike aktivitetar blir berre registrerte som eige undereining dersom dei går føre seg på ein annan geografisk stad enn der den primære aktiviteten til hovudeininga er.

Fleire geografiske stader
Det blir drive aktivitet på fleire geografiske stader når undereiningane er lokaliserte på ulike adresser. Det er ikkje nok å føre opp ulike postadresser for  å få registrert ei undereining.

For ambulerande aktivitet blir berre fast bemanna avdelingskontor og liknande registrerte. Eksempel på dette er bygg- og anleggsarbeid, transport og utleige av arbeidskraft, vikarbyrå.

Offentleg forvaltning
Dei generelle reglane som er gjort greie for ovanfor gjeld også for offentleg forvaltning. Detaljert regelverk for registrering av undereiningar i kommunar, fylkeskommunar og helseføretak finn du på www.ssb.no under Innrapportering, Kostra, Veiledning

Overtaking og overføring av undereining

Ei undereining kan bli overteken eller overført frå ei hovudeining til ei anna. I slike tilfelle vil undereininga behalde organisasjonsnummeret sitt.

For at ei undereining skal reknast som overteken eller overført, må følgande vilkår vere oppfylt:

  • Den same aktiviteten held fram, men med ei anna hovudeining som ny eigar av undereininga
  • Aktiviteten held fram i den same kommunen som tidlegare
  • Dei nødvendige aktiva som inngår i aktiviteten må som regel blir overførte under eitt. Eksempel på dette er råvarer, produksjonsutstyr, varelager, kontraktar og tilsette.
Korleis registrerer eg overføring av undereining?

Om du skal melde overtaking eller overføring av ei undereining, kan du bruke skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Dersom det er fleire undereiningar som skal bli overtekne eller overførte, må du fylle ut papirskjemaet –Samordna registermelding 1b  Tillegg for eining med verksemd på fleire adresser.

Tal på tilsette

Einingsregisteret inneheld opplysning om tal på tilsette for alle arbeidsgivarar som er registrerte i Einingsregisteret. Tal på tilsette er aktive arbeidsforhold registrerte i NAV sitt Aa-register. Alle arbeidsgivarar skal rapportere arbeidsforholda kvar månad i a-meldinga.

Verksemder som har tilsette skal ha minst ei undereining. Undereiningane er identifisert med eit eige organisasjonsnummer som er tilknytt hovedeininga. Tal på tilsette er knytt til ei undereining og omfattar tal på unike personar som jobbar i verksemda. Om ein person har fleire arbeidsforhold knytt til den same verksemda, blir personen telt berre ein gong.

Opplysninga om tal på tilsette er blant anna tilgjengeleg i tenesta Opne data. Du kan velje om du vil sjå talet på tilsette knytt til ei undereining eller totalt tal på tilsette på hovudeininga.