Leasingavtale
Sist oppdatert: 6. mai 2025.
Når du inngår ein leasingavtale på ein bil, vil det seie at du inngår ein avtale om langtidsleige av køyretøyet.
Fordi leasingavtaler liknar meir på eit salspantkjøp eller eit kredittkjøp, enn ein leieavtale, gjeld reglane for salgpant også for leasing. Leasingavtalar blir tinglyst i Lausøyreregisteret på leigaren sitt fødselsnummer eller organisasjonsnummer.
Leasingavtalen blir vist som hefte på køyretøyet ved søk på registreringsnummeret hos oss.
For tinglysing av leasingavtalen må du bruke godkjent blankett.
Leasingavtalen må innehalde:
- Leigetakar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- Eigar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer. Dersom eigar er utanlandsk person eller føretak, må namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
- Kva køyretøy avtalen gjeld. Køyretøyet blir identifisert ved at registreringsnummer blir oppgitt. Dersom avtalen omfattar fleire køyretøy, skal kvart registreringsnummer vere oppgitt.
- Leigetakar si underskrift i original
Leigetakar skal signere dokumentet.
Dersom leigetakar er fysisk person, er det hen sjølv som skal signere.
Dersom leigetakar er ei verksemd, er det reglane for den enkelte organisasjonsforma som bestemmer kven som kan signere. For aksjeselskap er utgangspunktet at styret i fellesskap skal signere for selskapet. Dette gjeld så framt ikkje annen signaturregel er meldt og registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Lausøyreregisteret sjekkar kven som har signaturrett etter opplysningane i Einingsregisteret/Føretaksregisteret. Vi godtar ikkje protokoll frå generalforsamling, styremøte, sameigarmøte eller liknande som viser val av styre eller signaturreglar som enda ikkje er meldt og godkjent i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Det er mogleg å bruke fullmakt til signering, jf. tinglysingsforskrifta § 7 andre ledd.
Leasingavtalen blir sletta når eigar (kreditor) sender inn ei melding om sletting til oss. Dette skal skje når kravet er innfridd.
Eigar kan, for å krevje sletting, sende inn det originale dokumentet med påteikning om sletting.
Alternativt kan eigar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å slette rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva leasingavtale det gjeld
- stadfesting på at leasingavtalen ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Dersom vi ikkje får melding om sletting, vil leasingavtalen bli sletta 30 år etter registrering, når rettsvernstida for tinglysinga er ferdig.
Eigar (kreditor) kan be om re-tinglysing av leasingavtalen. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 30 år. Dette gjer du ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om re-tinglysing.
Alternativt kan eigar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å re-tinglyse rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva leasingavtale det gjeld
- stadfesting på at leasingavtalen ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift