Pant i landbrukslausøyre
Sist oppdatert: 16. mai 2025.
Næringsdrivande i landbruket kan pantsette lausøyre som blir brukt eller er bestemt til bruk i næringsverksemda i landbruket.
Pant i landbrukslausøyre blir tinglyst i Lausøyreregisteret på eigaren sitt eller bruksrettshavaren sitt fødselsnummer (enkeltpersonføretak) eller organisasjonsnummerfor å få rettsvern.
- Maskiner, reiskapar og anna utstyr
- Merdar og anna liknande utstyr som blir brukt eller er meint til bruk i akvakultur
- Avling og anna innhausta avkastning
- Dyr, irekna tamrein, pelsdyr, fjørfe, bier, muslingar og akvatiske organismar i akvakultur (for eksempel fisk)
- Såvarer, gjødsel, drivstoff og andre varer som blir forbrukte under verksemda
- Emballasje til verksemda sine produkt
Panteretten omfattar det som elles ville blitt rekna som driftstilbehøyr eller varelager. Tilbehøyr til fast eigedom reknast likevel ikkje.
For å kunne pantsette landbrukslausøyre, er det eit krav om at pantsettar driv næringsverksemd i landbruket. Fiskeoppdrett blir rekna som landbruk.
Landbrukslausøyre blir pantsett i sin heilskap, slik det er til ei kvar tid. Dersom verksemda består av fleire avdelingar som er driftsmessig adskilt, kan landbrukslausøyre ved den enkelte avdelinga pantsettast for seg.
Pantsettaren kan skifte ut eller selje pantsett landbrukslausøyre så langt dette er i samsvar med forsvarleg drift og ikkje vesentleg reduserer panthavar si sikkerheit.
- Føretak og personar registrerte i Føretaksregisteret eller Meirverdiavgiftsregisteret, og som driv med
- jordbruk, skogbruk, gartneri, fjørfeoppdrett, pelsdyroppdrett, biavl, oppdrett av organismar i saltvatn eller ferskvatn, stutteri, tamreindrift, eller
- næringsverksemd som har naturleg tilknyting til jordbruksverksemd. Sjølvstendig industriell bearbeiding av landbruksprodukt blir ikkje rekna som næringsverksemd i landbruket
Dersom føretaket ikjke er registrert med næringskode tilknytt aktivitetane over, blir éin av følgande godtatt som dokumentasjon på næringsdrift i landbruket:
- Signert stadfesting frå panthavar om at panthavar reknar pantsettar for å vere næringsdrivande i landbruket
- Signert eigenerklæring frå pantsettar om at dei driv næringsdrift i landbruket
For tinglysing av pant i landbrukslausøyre må du bruke godkjent blankett.
Pantedokumentet må innehalde:
- Pantsettar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- Panthaver (kreditor) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer. Dersom panthavar er utanlandsk person eller føretak skal namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
- Beløpet det blir tatt pant for
- Om formuesgodet gjeld pantsetting av landbrukslausøyret i sin heiskap, eller ein driftsmessig adskilt del av næringsverksemda.
- Pantsettar si underskrift i original. Dersom blanketten går over fleire sider, skal pantsettar underskrive kvar side i avtalen.
Pantsetter skal signere dokumentet.
Dersom pantsetter er fysisk person, er det hen selv som skal signere.
Dersom pantsettar er ei verksemd, er det reglane for den enkelte organisasjonsformen som bestemmer kven som kan signere. For aksjeselskap er utgangspunktet at styret i fellesskap skal signere for selskapet. Dette gjeld så framt ikkje annan signaturregel er meldt og registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Lausøyreregisteret sjekkar kven som har signaturrett etter opplysningane i Einingsregisteret/Føretaksregisteret. Vi godtar ikkje protokoll frå generalforsamling, styremøte, sameigarmøte eller liknande som viser val av styre eller signaturreglar som endå ikkje er meldt og godkjent i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Vi kan unntaksvis godta at dokumentet er signert etter styresamansetting eller signaturreglar som tidlegare har vore registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret, føresett at det blir gitt uttrykkeleg beskjed om dette i følgeskriv. Vi sjekkar da signaturen opp mot opplysningane som var registrerte i Einingsregisteret/Føretaksregisteret på tidspunktet for signeringen.
Det er mogleg å bruke fullmakt til signering, jf. tinglysingsforskrifta § 7 andre ledd (lovdata.no).
Pant i landbrukslausøyre blir sletta når panthavar sender inn ei melding om sletting til oss. Dette skal skje når kravet er innfridd.
Panthavar kan, for å kreve sletting, sende inn det originale dokumentet med påteikning om sletting.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å slette rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Merk at pantobligasjon alltid må slettast på originaldokumentet, om ikkje panthavar er bank eller finansinstitusjon med konsesjon etter finansføretakslova § 2-7 (lovdata.no).
Dersom vi ikkje får melding om sletting, vil pantet bli sletta 20 år etter registrering, når rettsvernstida for tinglysinga går ut.
Re-tinglysing
Panthavar (kreditor) kan be om re-tinglysing av pantet. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 20 år. Dette gjer du ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om re-tinglysing.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å re-tinglyse rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
Nedkvittering
Panthavar (kreditor) kan be om nedkvittering av pantet. Dette blir gjort ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om nedkvitteringea.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å nedkvittere rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- beløpet pantet blir nedkvittert til
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Auke
Det er ikkje mogleg å auke pantebeløpet på eit eksisterande tinglyst pant. Det må bli etablert eit nytt pant.
Prioritetsviking
Det er mogleg å vike prioritet til fordel for andre pant i same formuesgode. Prioritetsvikinga blir tinglyst som ei påteikning på rettsstiftelsen som vik prioritet. Panthavar som vik prioritet sender inn det originale dokumentet med påteikning om transporten.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om prioritetsvikinga. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant som vik prioritet
- stadfesting på at pantet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
I begge tilfelle blir pantet det blir vike prioritet for identifisert på følgende måte:
- prioritetsviking for allereie tinglyste rettsstiftelsar
- oppgi kva dokumentnummer det blir vike prioritet for.
- prioritetsviking for rettsstiftelsar som ikkje (enda) er tinglyst (førehandsviking)
- oppgi panthavar sitt namn og pantekravet sin størrelse.
Transport
Pantet kan bli transportert (overført) til ny rettshavar (panthavar). Dette blir gjort ved at panthavar sender inn det originale dokumentet med påteikning om transporten.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen transporterer rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant som blir transportert
- stadfesting på at pantet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
I begge tilfelle må det gå tydeleg fram kven rettsstiftelsen er transportert til. Den nye rettshavaren må vere identifisert med fullt namn og fødsels- eller organisasjonsnummer. Dersom rettshavaren er utanlandsk person eller føretak, skal namn og adresse i utlandet vere oppgitt.
Merk at pantobligasjon alltid må slettast på originaldokumentet, om ikkje panthavar er bank eller finansinstitusjon med konsesjon etter finansføretakslova § 2-7 (lovdata.no).